FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Årsmøte Du mitt Nordmøre Gamalt Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Kurs i nynorsk

 (03.10.2008)

Sunndal Ungdomsskole i samarbeid med Nordmøre Mållag inviterer til kurs i nynorsk for lærarar, andre kommunalt tilsette og interesserte elles. Dato: 23./24. oktober

Kurset går over ein dag, slik at deltakarane kan velje den dagen som høver best.
Tid: 08.30 – 15.00
Stad: Sunndal Kulturhus, Støgu
Bindande påmelding seinast 13.okt. til nils.ulvund@sunndal.kommune.no
Kursavgift: Kr. 500. Da er kaffi /te ved oppmøte og lunsj medrekna.

Mål ned kurset
  • Lærarar skal få betre evne til å bruke nynorsk i undervisninga.
  • Andre tilsette i kommunen skal få motivasjon og evne til å ta i bruk nynorsk i tenestesamanheng.

Opplegg
Kurset er lagt opp som ein dialog mellom kurshaldaren og kursdeltakarane. Eit viktig mål er å aktivera dei språklege ressursane deltakarane sit inne med.
Kurset er praktisk og konkret retta.
Kurshaldar Ingar Arnøy
har halde mange kurs for lærarstudentar og lærarar dei siste seks åra (Bodø,Trondheim, Volda, Kristiansand og Hamar), og på Sørlandsk lærerstevne 2007 og 2008. Han har i tillegg halde kurs for over 2200 klassar i videregåande skule over heile landet siste 20 åra.

Kursinnhald
Kurset tek for seg dei punkta der nynorsk skil seg mest frå bokmål i former, ordtilfang og uttrykksmåte. I praksis vil det seie at vi tek opp emne som

substantiv – reglar for kjønn og bøying
verb – reglar for samanhengen mellom bøyingsformene
dei skumle verba på –ast (refleksive verb)
parverb
s-genitiv – rett og galen bruk
aktiv og passiv uttrykksmåte
”substantivsjuka” og kurar mot den
faste ord og vendingar som gjer arbeidsdagen lettare

Mange andre emne kjem vi inn på i dei praktiske øvingane på kurset. Og det er heile tida lov å stilla spørsmål.

Velkomne til kurs!

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS