FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Årsmøte Du mitt Nordmøre Gamalt Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Skriftkulturen - styrt eller i fri flyt?

 (15.04.2009)

Den 6.mai var det planlagt språkseminar på Sunndalsøra.
Men det vart avlyst grunna få påmeldte.
Her kan de lese kommentaren som redaktøren i Aura Avis, Lars Steinar Ansnes, hadde om saka.

Skriftkultur under press
Få påmeldingar gjorde at det planlagte seminaret om skriftkultur og språkpolitikk på Sunndalsøra denne veka måtte avlysast. Det er beklageleg. Ikkje fordi underteikna skulle vere ein av innleiarane, men på grunn av at dette er eit tema som fortener stor merksemd. Difor håpar eg at initiativtakarane, Nordmøre Mållag, Romsdal Mållag og kulturetaten i Sunndal kommune prøvar på nytt når hausten kjem.
VI HAR to offisielle skriftspråk i dette landet. Historisk sett har landsmål/nynorsk og riksmål/bokmål vore motpolar, med til tider hard og uforsonleg målstrid som resultat. I dag handlar kampen om noko heilt anna. Det står om den norske skriftkulturen, som er under sterkt press. Bokmål- og nynorsktilhengarar har her ei felles oppgåve og eit felles ansvar.
PRESSET mot skriftkulturen kjem frå fleire kantar. Påverkinga utanfrå er formidabel. Norske ord og uttrykk taper stadig mot engelsken. Eit av dei verste utslaga, er at engelsk orddeling er på veg inn i språket. Butikkane sel «ananas ringer» og «eple biter». På Sunndalsøra heiter eit firma Skilt Mann. Det offisielle namnet på Sunndal kulturfestival er Sunndal Kultur Festival, medan ein i Kristiansund inviterer til Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival. Det vrimlar av døme, rett og slett.
ENDA MEIR urovekkande er det likevel at det vert skapt eit press mot språket innafrå. Etter ein mannsalder med det å handtere eigne og andre sine ord som levebrød, vil eg hevde at aldri før har folk flest skreve så dårleg norsk som no. Eg er overtydd om at min gamle grammatikklærar frå 60-talet, Johan Bævre, ville ha snudd seg i grava om han hadde sett kva som i dag vert publisert på nett og papir. Folk gjer seg forstått, bevares. Men skal det vere einaste kriterium for akseptabel språkbruk? Eg meiner nei. I dag forfell det norske språket. Vi har alle skuld i det - frå menigmann til journalistar og andre som har betaling for å halde språket i hevd.
SPRÅKET har alltid vore i utvikling. Slik vil det vere også i framtida. Men det er forskjell på utvikling og forfall. Finst det ein handbrems å dra i ein stad, slik at vi som kulturnasjon kan redde det som er att av det norske språket? Det må vere naturleg å peike på skulen. Med fare for å fornærme samvitsfulle lærarar som gjer det dei kan ut frå gjeldande læreplaner: Eg trur mykje av svikten ligg her.
EG HAR IKKJE tal på kor mange arbeidsvekeelevar eg har hatt kontakt med i mi tid. Men det er mange. Konklusjonen min er at dei unge skreiv betre før. Markant betre, faktisk. Utviklinga går feil veg. Når det framleis dukkar opp ein og annan uslipne diamanten, trur eg det er ungdom som har tileigna seg eit godt språk på grunn av medfødd talent, og ikkje som følge av skulen si norskopplæringa. Diverre.
SPRÅK heng saman med identitet. Språket er knytta til tanken og språk er makt. Mykje står på spel. Difor burde påmeldinga til eit seminar om ein skriftkultur i forfall ha sprengt alle grenser.

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS