FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Årsmøte Du mitt Nordmøre Gamalt Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Haustseminar

 (02.11.2009)

Laurdag 14. november arrangerer NmM haustseminar på Tingvoll Brygge.
Programmet kan de sjå nedanfor.

Styret i Nordmøre Mållag inviterer til inspirasjonsseminar
14.nov. 2009 på Tingvoll Brygge

Start kl. 10.00 med interne saker for Nordmøre Mållag
Ref. og meldingar:
• Grasrotmidlane v/ Kari Sollid Heitmann
• Målrøysting i Gjemnes v/ Ingvild Ruland
• Småsamfunnssatsinga, delprosjekt Åkerfallet v/ Nils Ulvund
• Du mitt Nordmøre – kort presententasjon og salsopplegg v/ Ingrid Kjønnøy og Sverre Hatle
Saker:
• Sluttfinansiering av Smålåten. Sjå saksnotat, v/ Nils Bjørsvik
• Stipend og finansiering avispraktikant i Aura Avis og ev. andre aviser.
Sjå saksnotat, v/ Nils Ulvund

Kl. 10.30 – 10.45 Gjestane kjem. Kaffe og noko attåt.

Seminardelen

1. Orienteringar og drøftingar 10.45 – 11.30
• Nytt frå Noregs Mållag v/ Olav Kuvås, styremedlem i Noregs Mållag
• Barneboksamlinga til Noregs Mållag som er på Nordmøre. Orientering om bruken og aktuell oppfølgjing i lag/kommunar. Samarbeid med folkebibliotek og fylkesbibliotek. Det skal utarbeidast eit notat som viser korleis dette skal gjerast. Notatet vil bli lagt ut på heimesida vår.
• Gåver til lokallaga frå sparebankar og forsikringsselskap. Konkrete eksempel på søknad om støtte til måltiltak i lokallaga.

2. Arbeidet i det enkelte lokallaget. 11.30 – 12.30
• Aktuelt frå laga. Kvart lag orienterer om det laget har gjort siste året, 3 min pr. lag.
• Medlemsverving
• Rekruttering
• Støtte frå fylkeslaget

Mat 12.30 – 13.15

3. Språklovgjeving 13.15 – 14.00
Innleiing v/ Olav Kuvås. Ordskifte etterpå.

4. Nøytral språkpolitikk i aviser og kommunar. Finst det? 13.45 – 14.45
• Innleiing ved redaktør i Driva, Ole Petter Pedersen. Kommentar ved Nils Ulvund
• Gruppearbeid

5. Bruken av heimesida til Nordmøre Mållag 14.45 – 15.15
Skriv som kan finnast på heimesida , om korleis lokallaga kan bruke sida o.a.

Kaffe og frukt

6. Barnehagesatsinga 15.15 – 16.00
• Innleiing ved Nils Ulvund
• Nynorsk i barnehagen, Suldal. Sjå kalenderen til Noregs Mållag 9.2.2009
• Gruppearbeid

7. Avslutning og avrunding, planlagt slutt 16.30

Ålvundfjord 2.nov. 2009

Nils Bjørsvik, leiar



© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS