FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Årsmøte Du mitt Nordmøre Gamalt Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Språkutvikling i barnehage og skule

 (10.02.2010)

Dette notatet er laga for dei som t.d. skal ha møte med ymse barnehage- og skulefolk.

Språkutvikling i barnehage og skule
Med song - og lesing skal skrifta lærast.
Lesing – det viktigaste grunnlaget for skrivekompetanse?
Innleiing og bakgrunnsstoff
Målet for mållaget er å gje ettertanke for å vidareutvikle språkmedvitet ( Norsk i 100 tiltak 7: Medvitet til lærarane og elevane om norsk som kulturfag og identitetsskapande fag må styrkjast) Derfor peikar eg på det som eg meiner er aktuelt, eit supplement til alt det gode som blir gjort i barnehagen og skulen.

Norsk språksituasjon: Dialektmangfald og to skriftkulturar. Ja, både skrift og tale er kultur. Det er fastslege i Stortinget i 2002, og Utdanningsdirektoratet v/ dir. Skarheim arbeider aktivt for at alle elevane skal få oppfylt retten til å bli reelt tospråklege. Jf. brev 2.juni 2006 (http://www.udir.no/upload/Brev/laremidlar_NN.pdf). Elevar har ein lovfesta rett til læreverk på den målforma dei ønskjer.
Oppfordringar til lærarane på barnetrinnet i grunnopplæringa:
- Starte tidleg med nynorskopplæring, ved til dømes å lese nynorske tekster
for elevane frå første klasse
- Lære nye og eldre nynorske songar, regler og dikt
- Kjøpe inn meir nynorsklitteratur til skolebiblioteka

Om haldningar til språk.
- Nemn historia om den russiske dama som kom til Gardermoen. Der spurte ho ein passkontrollør om korleis ho skulle kome seg til Oslo. På spørsmål svara ho at ho skulle delta på sommarkurs på universitetet. «Så flott!» sa nordmannen. «Kva kurs da?» «Nynorsk» var svaret. «Huff, så dumt», var kommentaren da. Dama vart svært overraska og nemnde reaksjonen til læraren på kurset, Stephen Walton. I Catalonia i Spania og Bretagne i Frankrike ville nok kommentaren vore «Så flott!». Dei ville vore stolte over at ein utlending ville lære eit av språka i landet deira.

- «Språk i barnehøgd» (Ottar Grepstad) s.26: Sagt av ein bibliotekar om ei bok som vart svært populær blant borna: «Litt spesielt at den er så populær, i og med at den er ei nynorskbok.» Det er mange foreldre som ikkje tek med seg boka herifrå når dei oppdagar at det er ei nynorskbok» Grepstad: « I barnehøgd er språket slik at barnet forstår meir enn vaksne trur, barn skil ikkje mellom nynorsk og bokmål på den måten vaksne gjer.
Stundom er fordom eit anna ord for det vaksne trur dei veit.»

- Språkhaldningane bestemmer og kva ein lærer av språk. Derfor er det ønskjeleg at alle born får tidleg møte med språkmangfaldet – også i skrift - før haldningane og fordommane låser seg. Nye landsmenn er bra å få. Dei fleste har ikkje fordommar mot språkmangfald og språk slik mange andre norske har. Jf. innvandrarelevane frå Holmlia på sidemålsseminar på Tingvoll nov. 2005. Dei sa at dei har ein fordel som ikkje har foreldre med fordommar til den norske språksituasjonen. Born har heller ikkje fordommane vaksne har, derfor understrekar pedagogar at borna må få møte både nynorsk, dialektar og gjerne engelsk tidleg og på ulike måtar. (Om engelsk: Pkt. 4 nedanfor).
- Borna blir mange stader traderte inn i bokmålet ved at vaksne omset frå nynorsk til bokmål når dei les. Rammeplana for barnehagar seier at personalet er viktige språklege førebilete, og at dei må «vise forståing for at morsmålet er viktig». Bokmål alt i barnehagen gjer at foreldra brukar det som argument for bokmål der det er avstemmingar om skulemålet. Jf. «Språk i barnehøgd»
- "Melk" på kjøleskåpet for skulemjølk ( har Tine ansvar for språket?) og "Her bor jeg" på Ålvundeid viser vel ein samanheng ved at elevane møter bokmål både på kjøleskapet der skulemjølka er og elles. Da mistar borna tilliten til og trua på eige skriftspråk. Dei identitifiserer seg meir med bokmålet enn med nynorsken. Dermed blir det «Her bor jeg»

- Språk og identitet. Kva identitet vil vi gje borna? Er det mogleg og ønskjeleg å lære borna rett dialektbruk? « Slik seier vi i Ålvundfjord, på Gjøra seier vi ....»

Tidleg start og allsidig språkopplæring er poengtert frå mange hald og på ulike måtar.
Barnehagen er skuleførebuande, born har rett til å møte språket sitt i barnehagen og skulen.
Ymse bakgrunnsstoff om dette
1.KUF på juni i 2008: Rettleiar om samanhengen mellom barnehage og skule. Her blir det poengtert kor viktig det er at samiske born møter skrift og songar på samisk i barnehagen. Sjølvsagt det same med nynorsk.
Sitat:Sammenheng for barn fra barnehager som bygger på samisk språk og kultur
Skoler som tar i mot barn fra barnehager med samisk tilbud, bør forberede seg i forhold til hvordan disse barna skal fortsette sin samiske språkutvikling i en norsk klasse. Opplæringslova gir alle grunnskoleelever i samiske forvaltningsområder rett til opplæring i og på samisk. Samisk språkinnlæring må inngå i skolens prinsipper og strategier i arbeidet for tospråklighet. (S.21 i Rettleiar om samanhengen mellom barnehage og skule).
Det same burde vel gjelde for born som skal lære nynorsk. Alle skal det i dag.

Sverre Hatle sine vinklingar på språket.
Det er viktig at borna blir trygg (Heile innlegget hans er innlima til slutt i dokumentet)

2.Lesesenteret UiS: Språkstimulering gjennom leseaktiviteter: "Barns møter med bøker er verdifulle. Leseaktiviteter gir opplevelser og skaper umiddelbar glede. I tillegg ligger det stor verdi i den språklige samhandlingen som lesingen fører med seg. Systematisk språkstimulering i førskolealder har svært mye å si for barns språkutvikling." Kva språk vil vi gje dei? Korleis skal vi leggje tilrette for at dei får møte språket sitt? Lese på dialekt eller ordrett, nynorsk / bokmål? Om boka er på bokmål, kan du lese på dialekt. Om boka er på nynorsk, kan du lese på nynorsk. (Om høgtlesing på nynorsk i Nynorskopplæring nr. 6 s.2. )

3.Nynorskopplæring nr. 6 /2009 s.6: Kan dei lese nynorsk i bybarnehagen på Austlandet? Sjå s.8: http://www.nynorsksenteret.no/img/nsfno/Nynorskopplaering6.pdf

4.Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk» vart halden i Volda våren 2007.
Du må lese . Lesing er avgjerande for å bli ein god skrivar, sa professor Frøydis Hertzberg, ei av dei fremste i landet innan fagområdet lese- og skriveopplæring.
- Det er ikkje mogleg å lære rettskriving berre gjennom reglar, seier ho. Grammatikken er komplisert og det er mange unntak frå reglane.
– Du må sjå skrivemåten og du må lese tekstar med avsnitt for å sjå korleis det skal gjerast. Munnleg overlevering kan gje skrivelyst og skriveglede, men for å lære eit korrekt språk må det lesing til. Teoretisk kunnskap og evne til å skrive har ofte lite med kvarandre å gjere, sa Hertzberg og la til at skriftspråk tileignar ein seg først og fremst via lesing.
Hertzberg viste til forsking innan området og nemnde mellom anna Stephen Krashens berømte og omstridde hypotese om at skrivekompetanse berre kan utviklast gjennom store mengder sjølvmotivert og lystbetont lesing. Forsking i Norden viser at mykje fritidslesing slår positivt ut på skriveprestasjonane, anten det gjeld bøker eller aviser.

5.Utdanning Nr.2/2009 har ein artikkel om u.v. i andre framandspråk på 2. og 3. kl. ut frå tanken om at tidleg start er tenleg. Der blir det spesielt nemnt at språket skal leikast inn.
- Det handlar om å synge på ulike språk, kunne rekne til 10, og seie hyggjelege ting til kvarandre.
- Forskning viser at det å arbeide med fleire språk i staden for berre med eitt, styrkjer den generelle språkkompetansen. Undersøking ved universitetet i København stadfestar det. Norske ungdommar forstår språka i dei andre nordiske landa betre enn dei forstår dei andre. Tom. norske med innvandrararbakgrunn er flinkare.

6.Mål og meining, språkmeldinga, Stortingsmelding 35 (2007-2008), poengterer tidleg start og tilrettelegging av tilhøva for nødvending språkdyrking og språkrøkt for å sikre det kvalitative grunnlaget for norsk språk. (Pkt. 54 av 111). Nynorsk er spesielt nemnt i fleire av tiltaka som er foreslått.

7.Leik og song: Det vi leikar som små, hugsar vi. Kirsten Ropeid: ”– Leik er språkopplæring”, Utdanning 20.6.2008. Derfor arrangerer vi kurs med leik og song som middel til å møte nynorsk mangfaldet i dialektane.


Aktuelle mål på Nordmøre (alle stader!) er at borna skal:
1)Ha språkleg sjølvtillit og toleranse, bli trygge på eige språk både i skrift og tale slik at språket blir bruka. ”Kvifor skriv du nynorsk?” er spørsmål som gjer at fleire går over til bokmål. "Kjøttvekta" til bokmål gjer at nynorskbrukarar kan mangle tilliten til og andre toleransen andsynes nynorsken. « Eg skriv nynorsk og er stolt av det»
2)Vera reelt tospråklege. La dei få del i heile den norske språkkulturen. Det er ein rett som mange opplever at dei ikkje har fått oppfylt. Derfor vegrar mange seg for å bruke nynorsken anten det er i administrasjonen i Surnadal eller i avisene på Nordmøre.
(Kva språkidentitet vil /skal vi gje borna? Er vi medvitne nok på dette.)
3)Kommunane som barnehage- og skuleeigarar må ta ansvar og få tiltak for skriftkulturen på sakskartet slik det er gjort av kulturtenesta i Sunndal. Kulturplan utan tiltak for skriftkulturen er vel inga kulturplan? ( Barnehøgd s. 31-32.)
Språket rundt oss, kven har ansvaret? Kva er aktuelle tiltak?
Samfunnsansvar for bl.a. språket, nemnt av red. L. S. Ansnes i Aura Avis.
- Aviser og kommunar si rolle med skriftkulturen er viktig og det kan seiast mykje om det. Det trengst i alle fall auke i medvitet om språkdyrking og språkbruk.

Tiltak for å nå måla / styrking av nynorsken og språkutviklinga:
Det blir sagt at det er lite litteratur på nynorsk. Men ressursar finst om ein orienterer seg litt.

1) Språkutvikling i barnehagen og skulen
Tips og peikarar til aktuelle nettstader for å styrkje nynorskdelen av språkopplæringa i barnehagen og skulen.

2)Trysil kommune har heilskapleg oppvekstmodell. Leik, song og lesing:
Med Geitekillingen som kunne telle til 10 får borna inn fleire former for kunnskap.500 bøker før borna tek til på skulen. Stoff på nettet.

3)”Det finst ikkje nynorskbøker” : Biblioteka har ei ordning, depotlån; som gjer at ein kan låne store boksamlingar for spreiing til barnehagar og skular. NmM skal utarbeide notat om ordninga. Blir lagt på heimesida til Nordmøre Mållag.

Språket rundt oss, kven har ansvaret for skriftkulturen?
Kommunane som barnehage- og skuleeigarar har ansvaret for skriftkulturen i kommunen
- ”Nøytrale kommunar”, kva er det? Surnadal er nynorskkommune, korleis blir det lagt til rette?

Ymse:
Om Språk i barnehøgd
Årstale nr. 8 (Åsentunet) om tilstanden for nynorsk skriftkultur, «Språk i barnehøgd»
”Barn med nynorskbakgrunn finn lite av sitt i massemedia, er for lite integrerte i kvardagen i barnehagane, er knapt nemnde i barne- og barndomsforskinga, og kjem heller ikkje til syne i utdanninga av dei som skal vere førskulelærarar dei neste tretti åra. Det blir ikkje mykje slitesterke haldningar av slikt”.
Årstalen 2008 drøfta språkleg og kulturell sosialisering av barn som er på veg inn i skriftspråket. Hovuddelen handlar om språk i barnehagane – høgtlesinga, skrifta, songen, og korleis barnehagane i dag handterer ulike former for språkleg og kulturelt mangfald. Gjennom det heile blir vilkåra for barn med nynorskbakgrunn ubehageleg tydelege.
http://www.aasentunet.no/download.asp?object_id=74D8A7DBF10847A088BDFF989AECD4A3.pdf



SVERRE HATLE SI INNLEIING I SURNADAL 9.FEB. 2009 OM LESING, BØKER OG SPRÅK I BARNEHAGE OG SKULE.

***Kompetanse: Gammal, levd lenge, skjemmest ikkje. 35 år som far og bestefar, lese mykje for ungar. 20 år lærar, mest for skulebegynnarar, litt førskule. 7 år med samiskspråklege har forma meg: Ei sterk overtyding om at vi ikkje skal drive med kulturelle overgrep mot ungane.

****Eg vil tru at de som arbeider i barnehagen i ei tid da barnehagen har teke over så mykje av tida åt ungane, og media kanskje har teke over mykje av kveldstida deira, at de er bevisst på at de må vera gode vaksne språklege føredøme og fylle det gapet som har oppstått fordi tida med foreldre og besteforeldre har vorte så avgrensa. Eg veit sjølvsagt at språk er noko som forandrast heile tida, men eg tykkjer ungane har rett til eit språkleg ankerfeste. De som er frå bygda her, meiner eg har eit ansvar for å formidle den arven som språket er, og hjelpe ungane slik at ikkje strukturen i språket blir broten ned. ( Jf. Hertzberg i pkt. 4 ovafor) For å vera kjøle konkret og praktisk: Er du surndaling eller rindaling og seier vekku eller vøkku, finn du sjølvsagt ikkje på å seie uke sju!
Og du som seier vatn, seier sjølvsagt ikkje vannpistol eller vannfargar, og seier du ein stega, så kan du ikkje finne på å ta fram eit stigespill. Når høna får ungar, får ho kjuklingar og ikkje pippipar, og hunden heiter hund og ikkje vovvovv, og han får kvelpar og ikkje hundebabyar. Slikt tykkjer eg er like sjølvsagt som at du ikkje kler på ein unge ein støvel og ein joggesko.
*** For fleire år sidan var eg i denne barnehagen og skulle hente eit barnebarn. Mor hans er adoptert frå India, så han er ein tanke mørkare i hamleten enn dei som er ublanda norske. Akkurat da opplevde eg noko som gjorde meg så fortapt som eg sjeldan har vore, da ein vaksen medarbeidar i barnehagen, med dialekt herifrå, plutseleg tok til å tala åt bessfarungen min på bokmål!
***Til bøkene:
Du som er ein god lesar og ein god forteljar, og set deg godt inn i det du skal fortelje åt ungane, du finn det kanskje naturlegast å bruke ditt eige målføre sjølv om du følgjer ei boktekst. Det gjer eg sjølv som oftast når eg les for mine. Det eg meiner å ha registrert, er at når eg har ei nynorsk bok, går denne prosessen temmeleg glatt. Men grip eg fatt i ei bokmålsbok utan å ha lese grundig gjennom først, får eg problem fordi måten å ordleggje seg på, avvik såpass mykje. Eg dreg den konklusjonen at enten du vil fortelje teksta eller lesa ho på normalnynorsk – det finst gode grunnar for å gjera begge deler – så fungerer nynorskbøker best.

NU
© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS