FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Årsmøte Du mitt Nordmøre Gamalt Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Presentasjon av prosjektet "Barn og språk"

 (19.10.2007)

Nordmøre Mållag inviterer til presentasjon av prosjektet ”Barn og
språk” i Øksendal oppvekstsenter tysdag 23. oktober 2007 kl. 09.00.

Vi presenterer eit prosjekt der barn og språk er sett i sentrum.
Sentralt i prosjektet er lesing,song og forteljing som saman dannar
grunnlaget i kulturbarnehagen. Målet er at ungane skal bli kjent med
mangfaldet i det norske språket i møte med bokmål, nynorsk og
dialektane.

Audun Gikling kjem til å ha ei song- og forteljestund på om lag 20
minutt med barnehage- og småskulebarn i Øksendal.

Etterpå blir prosjektet presentert av Nordmøre Mållag.
Politiske og administrative representanter frå oppvekstetaten i
Sunndal Kommune vil vera til stades for å kommentere prosjektet.


© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS