FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

"Med song skal skrifta lærast".

 (14.12.2009)

Nordmøre Mållag arrangerer på nytt kurset "Med song skal skrifta lærast" for barnehage og skule.

Til
Barnehagar og grunnskular på Nordmøre

MED SONG SKAL SKRIFTA LÆRAST
Kurs med born og språk i sentrum.

Etter ønskje frå barnehagane i Sunndal inviterer Nordmøre Mållag assistentar og lærarar i barnehage og skule til kurs i presentasjon av songar, rim og regler.
Songen blir hovuddelen på kurset. Det blir og ein del om nynorsk barnelitteratur og nynorske nettstader som gjev praktiske idéar til dei som arbeider med borna .

Kurset blir arrangert på Sunndal Kulturhus fredag 15.jan. 2010. Av praktiske omsyn blir same kurset gjennomført to gonger same dagen.
Tidsromma blir kl. 08.30 -11.30 og 12.15 – 15.15.

Kurset høyrer til i prosjektet ”Born og språk ” som er ein del av ”Nynorsk for alle”, informasjon om tidlegare kurs på heimesida til Nordmøre Mållag: https://www.nm.no/lag/nordmoremallag/. Elevane møter bokmål i mange samanhengar, alle elevar treng å møte møte meir nynorsk, også i song. Utdanningsdirektoratet rår til ulike og tidlege møte med nynorsk, jf. brev frå direktoratet: http://www.udir.no/upload/Brev/laremidlar_NN.pdf


Kursinnhald:
Lesedelen (ca.30 min.):
- Tankar om språkutvikling hos born og aktuelt materiell for dei yngste.
- Presentasjon av nynorsk barnelitteratur og aktuelle nettstader som gjev
praktiske idéar til assistentar og lærarar.

Songdelen:
Hovuddelen på kurset blir stoff frå ”Enno så segla ho Magnill” (Nordmøre Mållag). ”Syng sjøl” (Selja forlag) og nettsongboka på www.tunkatten.no blir og presentert.

Kursdeltakarane skal få lære eit utval av tradisjonssongar, rim og regler og songar på nynorsk.

Kurshaldarane vil vise ulike måtar å presentere dette stoffet på:
• som songleikar
• regler som utgangspunkt for rytmisk leik, f.eks rapping
• tulleregler som høver for læring utaboks
• songar, rim og regler som utgangspunkt for små rollespell, veksellesing og talekor.


Kurshaldarar:
Lone Eines, Audun Gikling og Øystein Sandbukt.
Kurshaldarane er el. har vore ein del av staben ved Sunndal kulturskole.
Lone Eines er utdanna vokalpedagog og har i ei årrekkje drive som korinstruktør, songar og dirigent.
Audun Gikling er utdanna lærar med fordjuping i drama. Har etter kvart skaffa seg stor erfaring i tekstarbeid i lag med born og unge.
Øystein Sandbukt er utdanna gitarist ved Raulandakademiet. Har markert seg som svært dyktig gitarist med særleg fokus på tradisjonsmusikken.
Dei hadde tilsvarande kurs på Sunndalsøra på januar 2008 og i Aure på februar 2009.
Nils Ulvund sin kompetanse er i denne samanheng utvikla ved at han har vore tillitsvald i alle organisasjonsledda i Noregs Mållag. Han er og lærar.

Kursavgift: 250,- per deltakar.

Påmelding: Helst seinast 8. januar 2010. Ring/skriv til Nordmøre Mållag v/ Nils Ulvund 6622 Ålvundfjord, e-post: nils.ulvund@sunndals.net ,
tlf: 90 02 7161, 7169 8288, 71 69 97 30 ( arb.)

For eventuell ettersending av kursnotat, må e-postadresse noterast på påmeldinga.

Mvh. Nordmøre Mållag

Nils Ulvund, prosjektleiar
71 69 82 88 , 90 02 71 61
https://www.nm.no/lag/nordmoremallag/

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS