FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Årsmøte Du mitt Nordmøre Gamalt Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Årsmøtet 2012

 (19.11.2012)

vart halde på Hammerstuene i Surnadal

Årsmøte i Nordmøre Mållag
Tid: 03.03.2012 kl 10 30
Stad: Hammerstuene, Surnadal. Vertskap: Surnadal Heimbygdlag.
Utsendingar frå: Surnadal Heimbygdlag, Tingvoll Mållag, Halsa Heimbygdlag, Rindal Heimbygdlag, Fosna Mållag, Aure Mållag, Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag.

Sak 1: Opning.
Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste godkjende.
Sak 2: Konstituering
• Val av møteleiar: Trygve Roaldset vart valt.
• Val av skrivar: Sølvi Olderkjær Bergslid vart valt.
• Val av to til å skrive under møtebok: Oddny Breivik og Terje Ramsøy-Halle.

Sak 3: Årsmeldingar 2011
• Årsmelding frå styret ved Magnar Almberg.
• Årsmelding frå skulemålsnemnda/prosjektetterrakster ved Nils Ulvund.
Vedtak: Årsmeldingar godkjent.

• Årsmelding frå Du mitt Nordmøre ved skriftstyret. Leiar Ingrid Kjønnøy la fram årsmeldinga.
Kommentar frå salen: Ga skriftstyret skryt for godt arbeid med DmN.
Kan vere marknad for å auke opplaget litt.
Vedtak: Årsmeldinga godkjent.
Sak 4: Rekneskap 2011
• Rekneskap for Nordmøre Mållag. Kasserar Eli Smisetfoss la fram rekneskapen.
Spørsmål frå salen om talet på medlemmar i mållaget. Ca 270.
• Rekneskap for Du mitt Nordmøre. Kasserar Eli Smisetfoss la fram rekneskapen.
Kommentar frå Nils Ulvund. Han gjorde greie for korleis overskotet av DmN kunne reknast ut.
Liv Krumsvik understreka at overskotet frå DmN skal brukast på kulturelle føremål på Nordmøre.
Elles ros for godt arbeid med rekneskapen.
Vedtak: Rekneskapen godkjent.
Sak 5: Årspengar for 2013
Framlegg frå styret: Årspengar blir uendra.
Vedtak: Årspengane til fylkeslaget blir uendra.
Sak 6: Årsmøtestad 2013
Framlegg frå styret: Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag (etter rulleringsplan).
Vedtak: Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag, som rulleringsplanen viser.
Sak 7: Årsmøteemne: Kommunespråket
Frå kommunane Surnadal og Sunndal møtte: Ole Magne Ansnes, Erling Outzen, Eivind Hasle, Råg Ranes og Norvald Bondhus.
Innleiing ved Nils Ulvund:
Utgangspunktet: Normøre Mållag vil støtte tiltak som allereie er på gang i kommunane.
Orienterte om tiltak som har vore gjennomførte og prøvt gjennomførte. I samband med boka ”Enno so segla ho Magnill” har det og vore arrangement.
I 2011 vart det vedteke ei fråsegn i Noregs Mållag om kommunespråket.
Surnadal kommune har no sett av midlar til kurs om skriftspråk i kommunen.
Sunndal kommune har no fått emnet skriftspråk inn i kulturplanen sin.
Nils U understreka at det går an å påverke, det går an å endre haldningar.
Kommentar frå Nils Bjørsvik: Nils U har hatt eit prosjekt m a o kommunespråket. Prosjektet blei avslutta i 2010, men Nils U har likevel halde fram med arbeidet pga eit sterkt engasjement.
Innlegg frå kommunerepr:
Norvald Bondhus, Surnadal kommune: Har kommunane tatt i mot hjelp i stor nok grad? Kanskje ikkje. Målforma i kommunen forpliktar for alle tilsette. Nokre tilsette kan oppleve at dei strevar med dette. Oppfattar Nils U som ein som kan hjelpe til, bør ta imot den hjelpa. I høve til språkpolitikk: Kanskje for lite medvitne. Har utfordringar når det gjeld å få alle sakspapir på nynorsk. Utfordringar i høve til barnehage: Få nok litteratur på nynorsk, engasjere dei tilsette. Også utfordringar i høve til skulen.
Ole Magne Ansnes, Sunndal kommune: Viktig å vere medviten på godt språk uansett målform. Understreka at kurs er vegen å gå når det gjeld kommunespråket. Mållaget løftar fram dialogen på ein konkret og god måte. Lokalsamfunnet: Vere medviten tospråkleg. For lite bruk av nynorsk i kommunen. Understreka at mållaget og Sunndal kommune har ein god dialog.
Erling Outzen, repr Sunndal SV: Refererte til Sunndal SV sitt program. Går inn for at nynorsk må få ein rettmessig plass i Sunndal kommune. Slik er det ikkje i dag. Praksis: Opp til den enkelte i kommunen kva målform ein skriv på. Slik vert det tilfeldig i kva grad målformene blir synlege i kommunen. Sunndal kommune må sørgje for at krinsar med nynorsk som målform nyttar nynorsk i alle samanhengar. Sunndal kommune må elles nytte halvt om halvt med nynorsk og bokmål. Slik viser ein at kommunen er ein tospråkleg kommune. Avisene må også bli meir medvitne her. Viktig at alle som er opptekne av nynorsk nyttar målforma sjølv i alle samanhengar og eit godt føredøme.
Råg Ranes, Surnadal kommune: Surnadal, ein randkommune i høve til nynorsk som målform. Kan vere utfordrande i høve til dokument på nynorsk. Sjølv om mange elevar veks opp med nynorsk som hovudmål, er det ein del som skiftar over til bokmål som hovudmål i vidaregåande skule. Når det gjeld planar om språket i kommunen: Fått inn i budsjettet for 2012 å arrangere kurs i god språkbruk. Dette tiltaket har kome inn på bakgrunn av dialogen med mållaget i samband med kommunespråket. Skal ein bruke eit godt språk, må ein vere medviten sjølv og søkje hjelp og råd om naudsynt. ”Klart språk” har vore til god hjelp når det gjeld arbeidet med å få til eit godt språk. Bygdebøkene blir viktige for språket i kommunen. Her er det understreka at det skal nyttast ein nynorsk som ligg nær dialekten.
Eivind Hasle, Surnadal kommune: Å ha eit godt og tydeleg språk er det aller viktigaste. Det er og viktig at det er nær kontakt mellom talespråk og skriftspråk. Haldingane til skriftspråket er og viktig; ein må halde seg til den målforma som er vedteken i den enkelte kommune. Krev litt ekstra frå barnehage og skule for å finne god litteratur på nynorsk. Mengdetrening viktig i språkleg samanheng og. Eit godt utgangspunkt i Surnadal kommune, men ein har og ein del å arbeide med.
Terje Kjøde, kommentar: Noregs Mållag opptekne av språket i kommunane, men det å berge nynorsk i skulane er det aller viktigaste. Tips til Surnadal kommune: Gjer Vårsøg til kommunen sitt varemerke. Viktig å starte tidleg med språkleg medvit.
Outzen replikk: Hovudsaka: Fråfallet frå nynorsk må stoppe. Då er det viktig at nynorsk er synleg i samfunnet elles, jamfør stoda i Sogn og Fjordane, der nynorsk er naturleg og synleg i samfunnet og der fråfallet frå nynorsk er liten.
Ansnes, replikk: Kommunen har gjort litt i høve til nynorsk som bruksspråk i kommunen, m a i kulturskulen. Skriftspråket må kome meir på dagsorden i leiargruppa. Vil invitere Nils Ulvund.
Bondhus, replikk: Det å meistre er viktig. Også viktig å starte tidleg. Takknemleg for hjelp frå mållaget, sette pris på litteratur som skulane fekk.
Nils Bjørsvik: Språkbruk og språkkompetanse er ikkje knytt til nynorsk eller bokmål, men knytt til det å ville nytte eit godt språk. Språkkompetansen må aukast.
Liv Krumsvik: Den største utfordringa i dag: framandlandsk.
Sak 8: Lovendring
Framlegg frå styret ved Sverre Hatle.
Framlegg til vedtak:
1. Årsmøtet vedtek framlegget til endra og omredigert lov slik ho er framlagt her.
2. Årsmøtet gjev det nye styret i oppdrag saman med skriftstyret å utforme retningsliner for drifta av Du mitt Nordmøre. Det blir opp til neste årsmøte å godkjenne desse retningslinene.
Etter ein del ordskifte vart framlegget frå styret vedteke.
Liv Krumsvik bad om at hennar framlegg til endring av siste line i § 7 vart lagt ved møteboka:
DmN skal alltid ha nok eigenkapital til arbeidet med og trykking av neste utgåve av boka og andre kulturprosjekt, som det er gjort vedtak om på årsmøtet.

Sak 9: Arbeidsplan for valperioden 2012 – 2013
• Arbeidsplan for Normøre Mållag ved styret. Nils Bjørsvik la fram arbeidsplanen.
Merknader: Det finst fagfolk som kan bidra i Langsetprosjektet.
Viktig å få med språkåret som eige punkt i planen.
• Arbeidsplan for Du mitt Nordmøre ved skriftstyret. Ingrid Kjønnøy la fram planen munnleg.
Arbeidsplanen vedteken.
Sak 10: Budsjett 2012
Eli Smisetfoss la fram budsjettet. Forslag: Det blir overført kr 40 000 frå DmN.
Votering: Budsjettet blir vedtatt som det er lagt fram. 14 stk. stemte for dette forslaget. Kontra: 3 stk.
Vedtak: Budsjettet godkjent.
Sak 11: Fråsegner
Fråsegn om ny fagplan i norsk lagt fram av Nils Bjørsvik.
Forslaget er sendt ut til styret på førehand.
Fråsegna gjennomgått.
Vedtak: Årsmøtet støttar fråsegna.

Sak 12: Val

Liv Krumsvik la fram forslaga frå valnemnda.
Styre:
Jon N Eikrem Tingvoll Mållag ikkje på val
Sverre Hatle Surnadal Heimbygdmål ikkje på val
Magnar Almberg Rindal Heimbygdlag attval
Alexey Korbanov Aure Mållag ny for 2 år
Trond Skogseth Surnadal Heimbygdlag ny for 2 år

Varamedlemmar:
Ann Grimsmo Rindal Heimbygdlag
Møyfrid Torvik Surnadal Heimbygdlag
Nils Bjørsvik Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag
Ottar Roaldset Tingvoll Mållag

Skriftstyre:
Ingrid Kjønnøy Fosna Mållag
Tor Helge Gravem Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag
Astrid Aubert Fosna Mållag

Skulemålsnemnd:
Rolv Sæter Gjemnes Mållag
Nils Ulvund Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag
Kirsti Orheim Ås Aure Mållag

Revisorar:
Eli Gulla Surnadal Heimbygdlag
Grete Aarnes Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag
Vara:
Dordi Ørsal Oterholm Halsa Heimbygdlag
Val av utsending til landsmøtet i Noregs Mållag: Jon N Eikrem
Vara: Sverre Hatle, Magnar Almberg, Alexey Korbanov, Trond Skogseth, Ann Grimsmo, Møyfrid Torvik, Nils Bjørsvik, Ottar Roaldset , Ingrid Kjønnøy, Tor Helge Gravem, Astrid Aubert, Rolv Sæter, Nils Ulvund, Kirsti Orheim Ås. Eli Gulla, Grete Aarnes , Dordi Ørsal Oterholm.
Årsmøtet slutt kl 15 40.


Oddny Breivik Terje Ramsøy-Halle
Etter at middagen var servert fekk vi god musikalsk underhaldning frå halvparten av gruppa Perikom.
Takk til Surnadal Heimbygdlag for eit godt gjennomført årsmøte.

Sølvi Olderkjær Bergslid
skrivar





Nils B
© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS