FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2018
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: asmund.ormset @ mrfylke.no

Aktuelt Gamalt

- Gåver som overlever romjula

 (10.12.2007)

- No kan du kjøpe kjekke julegåver frå Nordmøre Mållag. Vi tykkjer det er gildt å kunne tilby folk gåver som formidlar kultur frå regionen vår, seier leiar Liv Krumsvik.

I år kan du kjøpa Du mitt Nordmøre 2007 og Enno så segla ho Magnill, viser, rim og regler frå Nordmøre frå laget.

Du mitt Nordmøre 2007 tek for seg polaråret med omtale av polforskar frå Nordmøre. 100-årsjubileet til Nordmøre Mållag har plass og det er fleire korte artiklar og dikt.

Boka kostar 100 kr. + porto.
Boka kan tingast frå Sverre Hatle, 6650 Surnadal, tlf. 71 66 21 33 sverhatl@online.no


Enno så segla ho Magnill, viser, rim og regler frå Nordmøre kom ut i 2002, men er framleis like aktuell og populær. Ein CD med alle songane, visene og reglene er vedlagt boka. Barnehagar, grunnskule, kor og private brukar boka. Fleire skal få del i skatten i boka.
Les omtale hos NRK Møre og Romsdal.
Ho er å få kjøpt hos
Nils Ulvund , 6622 Ålvundfjord,
mob. 900 27 161, priv. 71 69 82 88,
e-post: olvund@online.no
Prisen er 280 kr. + porto

© Noregs Mållag 2018 - Sidene laga av Zetta AS