Målbar: Nynorskens sjølvbilete, med Kåre Lunden og Kåre Lilleholt
 | | Frå målbaren 25. april om boklov ved Sigbjørn Hjelmbrekke |
Kva tener nynorsken mest på å bli definert som? Minoritetsspråk eller fleirtalsspråk med mindretalsproblem? Etter ordskiftet om dette i Dag og Tid, fekk me lyst til å sjå litt nærare på denne problematikken. Ikkje filologisk, ikkje etisk, ikkje sosialt, men folkerettsleg og juridisk. Og det skal me gjera i Kvernelandrommet på Litteraturhuset, onsdag 30. mai frå kl. 19.00. Vel møtt! Les meir
28. mars i Nedjma-rommet på Litteraturhuset, tredje høgda, kl. 19. I år er Oslo Mållag 100 år. Det markerer me med hyggjeleg stemning og ein målbar der me skuer tilbake på røttene våre. Les meir
|
1. mars inviterer me til kombinert årsmøte og målbar. Eigentleg hadde me tenkt å ha noko historisk, i høve 100-års-jubileet til Oslo Mållag, men så var det dette sidemålet, då... Les meir
|
| |
Oslo Mållag startar det nye mållagsåret med ei Byvandring gjennom Oslos gater og stadnamn med fyrsteamanuensis og namnegranskar Botolv Helleland 2. februar. Les meir
|
Oslo Målbar: «Nynorsk i lærarutdanninga» ved Synnøve Skjong og Inger Vederhus - ein kveld til ære for Guri Vesaas. Les meir
|
| |
Endeleg har Oslo Mållag gleda av å invitera til sesongens fyrste MålBar. Jens Kihl har sett på og gjort seg nokre tankar om korleis Oslo blir beskrive i nynorsklitteraturen, og 6. oktober kjem han til Colletts café på St. Hanshaugen for å prata om det. Les meir
|
|
| |
|
|