FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017

Framside Om oss Kontakt Lokallaga i Rogaland Målprisen Arkiv

Målpris 2010

 (08.03.2010)



Rogaland mållag gav to målprisar for 2009 til forfattaren Nils Henrik Smith frå Bryne (no busett i Bergen) og artisten Rita Eriksen frå Sola (no busett i Oslo). (Delt ut under årsmøte til Rogaland mållag, laurdag, 6.mars 2010, Thons Maritim Hotell, Stavanger).

Alle veit at nynorsk er vakkert i poesi. Somme har høyrt det så ofte at dei nærmast geispar når dei høyrer det, trass i at det er sant. Men eit språk kan ikkje nøya seg med berre eit liv i lyrikken. Det er viktigare at eit språk er funksjonelt til kvardags, og at språket blir brukt – blir skrive og lese – i eit mangfald av sjangrar i det offentlege rommet, i journalistikken, i informasjon og reklame, i arbeidslivet og på produkt og i song og musikk.

Nils Henrik Smith

For nynorsken som skjønnlitterært språk er det viktig å finnast i ulike stilar og i ulike sjangrar. Slik finst han også, og forfattarar som Kjartan Fløgstad, Ragnar Hovland, Frode Grytten, Olaug Nilsen og Arild Rein skaper viktig samtidslitteratur med utgangspunkt i den lokale og folkelege moderniteten. Nils Henrik Smith plasserer seg til dels i denne tradisjonen.

”Manhattan Skyline ”
Eg trur eg hadde klart å halda samtalen gåande i eit par minuttar, men vi hadde nok aldri blitt gode venner. Han er ganske sær og til tider litt paranoid. Det er slik Nils Henrik Smith omtalar Aksel Eriksen, hovudpersonen i boken «Manhattan Skyline». Ein ung filosofistudent som til tider gjer livet unødvendig vanskelig for seg sjølv. Fascinert av 11. september, og villig til å undergrava den vestlige sivilisasjonen.

Romanen ”Austerrike”
Ein mann sit i avhøyr. Han er i byrjinga av trettiåra, utdanna jurist, og arbeider for eit fleirnasjonalt industriselskap. Motvillig fortel han om mystiske og urovekkjande hendingar. Kvifor svima han av? Kven var det som skamferte naboens hund med kniv? Og kva er det eigentleg han er tiltalt for? Austerrike er ein krim utan offer, utan etterforskar, utan dommar.

Nils Henrik Smith følgjer opp den prislønte og kritikarroste debutromanen Manhattan skyline (2007) med ei spennande og sterk forteljing om makt og avmakt. Jærblandet seier: ( AUDUN SKRYTEN) seier:
"Framfor alt er dette ein roman der forfattaren på suverent vis turnerer språk og forteljarposisjonar, han tøylar romanprosjektet så elegant og overbevisande at berre det gjer boka til givande lesnad."

Dag og Tid ( Ole Karlsen),seier: "Nils Henrik Smith har skrive ein viktig politisk roman. Austerrike er eit prov på at det faktisk går an å bruke dei litterære verkemidla frå krimromanen utan at det blir platt og keisamt. Det går også an å bruke slike middel til å skrive ein god, skakk og viktig politisk roman."

Bevisste val
Språklig vekslar han mellom lange setningar, gjerne samlingar av meir enn hundre ord. Så formulerar han seg i stakkato. Han skyr heller ikkje parentesar. - Sjølv utalar Nils Henrik Smith ”Eg er ein person som skriv setningane om og om igjen. Dei språklege vala er veldig bevisste

Nynorsk er vakkert i poesi. Nynorsk er funksjonelt til kvardags. Nynorsk er tøft i Manhattan Skyline og Austerrike. Nils Henrik Smith får Målprisen 2009 for sin tøffe og moderne nynorsk.


Rita Eriksen



Den andre målprisvinnaren, er artisten Rita Eriksen.
Rita Eriksen fødd og oppvaksen på Tjora i Sola.
Hausten 2008 feira ho 20 års jubileum som artist og ga ut soloalbumet "Hjerteslag" som vart sendt til gull på kort tid.
I hennar fyrste artistkarriere gjekk det mykje på engelsk. Ho hadde også eit nært samarbeid med sin bror Frank i desse åra.

Det tek for mykje tid her å går gjennom heile ditt ”lange” liv som artist. Rogaland mållag vil helst framheve det som er viktig for oss, nemnleg at du forlot engelsk til fordel for norsk språk og nynorsk. Soladialektet og Rogalandsmålet vart for deg ein framifrå måte å formidla bodskap på.

Det er heilt fantastisk. Som oftast går det i motsatt retning, jfr drøftingane som går om målbyte og tapande front for nynorsk språk også i Rogaland.

Litt om Rita Eriksen:
Rita debuterte i 2006 som syngjande skodespelar på Rogaland Teater i stykke «Skyfri Himmel» med songer av Bjørn Eidsvåg. Stykke vart ein formidabel suksess og Rita med Rogaland teater gjesta også Det Norske Teateret somaren 2007 til fulle hus og stormande jubel.

I tillegg er Rita ein god nytta av det norske musikkmiljøet. Mellom anna. Vamp, Jonas Fjeld, Bjørn Eidsvåg, Tre Små Kinesere, Hellbillies, Ytre suløens Jazzensemble, Sandvika Storband, Reidar Larsen, Bjørn Berge, og Christian Ingebrigtsen
I 1996 gav Rita ut albumet «Tideland» med den kjente irske songaren Dolores Keane for Kyrkjeleg Kulturverkstad. Dette var ein CD som vart svært godt motteken og viste at Rita Eriksen også kunne syngja god norsk og tradisjonell folkemusikk. Rita har alltid vore allsideg, noko som og er hennar varemerke.
Våren 2009 kom samlealbumet "De aller beste" med ERIKSEN. Albumet blei liggjande heile våren og sommeren på VG lista og var heile tre veker på førsteplassen.
I november 2009 kom Rita ut med ein jule CD for Frelsearmeen, som viste seg å verta svært populær og ho vart den 3. besteseljande artisten i 2009..
Nynorsk og Sola dialekten er vakkert i poesi.
Nynorsk og Sola dialekten er funksjonelt til kvardags.
Nynorsk og Sola dialekten er tøft i ”Velkommen inn” , ”De aller beste” , ”Hjerteslag”.

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS