FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Framsida Om oss Kontakt oss

Teatermållaget

Teatermållaget vart skipa ein sundag i april 1974 på gamle Scene 2 i Rosenkrantz gate 11 (no lokalet til Vinmonopolet). Før skipingsmøtet var det ei liste i resepsjonen til teatret i Stortingsgata, der ein kunne melda seg på. Det starta med om lag 50 namn. Laget har i dag styremøte på Det Norske Teatret om lag ein gong i månaden.
Styret: Kafi Harsheim, Herlov Øverland, Turid B. Ågren, Unn C. Fyllingsnes

Føremål
Teatermållaget vil samla tilsette ved alle norske scener for å fremja målreisinga, og å auka kunnskapen om og interessa for nynorsken og dialektane. Teatermållaget er innmeldt i Noregs Mållag som arbeider for at alle skal få kunna bruka nynorsk, og at nynorsk skal kunna brukast når som helst og kvar som helst.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS