Nynorskdagen

Nynorskdagen er ein nasjonal markeringsdag for nynorsk. Noregs Mållag og Norsk Målungdom inviterer alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å likestille landsmål (seinare nynorsk) og dansk (seinare bokmål) gjennom «jamstillingsvedtaket». Dagen kallar me nynorskdagen, og vi vonar alle medlemer og lokale lag vil vere med på å spreie ordet. Målet er å få sjå meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han.

I 2022 fekk vi til dømes nynorsk frå Rema 1000, Gjensidige, DNB, Olje og energi-departementet, Miljødirektoratet, FRI og mange fleire som vanlegvis ikkje brukar nynorsk. Klikk her for å lese meir om nynorskdagen 2022

Nynorsk er for alle!
Nynorsk er eit nasjonalt språk som alle i Noreg lærer i skulen. Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og elles å vise fram det flotte språket og organisasjonane våre.

Korleis markerer vi dagen?

A) Skriv nynorsk på nynorskdagen 
Noregs Mållag og Norsk Målungdom vil sende direkte utfordringar til statlege verksemder, politiske parti, frivillige organisasjonar, aviser og andre om å skrive nynorsk denne dagen. Dessutan sender me ei eiga oppmoding til barne- og ungdomsskular om å nytte nynorskdagen i undervisninga. 

Lokal- og fylkeslaga våre sender oppmodingar til aktørar lokalt. Det kan vere kommunen, biblioteket, skulen eller barnehagen, ulike frivillige organisasjonar eller verksemder som ikkje brukar nynorsk til vanleg.

B) Sosiale medium 
I sosiale medium brukar vi emneknaggen #nynorskdagen. Vi spreier dei beste innlegga i eigne kanalar, og kjem til å sende ein «skriv nynorsk»-penn til nokre av dei som tek utfordringa for fyrste gong. 

Tips:
– Kven vil du invitere til å skrive nynorsk? Tenk på lokale verksemder, organisasjonar, kommunen, offentlege personar, vener og slekta
– Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på Twitter, Facebook eller Instagram
– Lik eller del nynorsk der du ser han
– Skriv nynorsk, les nynorsk, eller syng ein nynorsk song
– Kjøp ei vare på nynorsk
– Vi kan ynskje kvarandre til lukke med nynorskdagen

C) Stå på stand / lag tilskiping
Vi vonar mange lokallag nyttar høvet til å lage ein festdag for nynorsken med å stå på stand, lage språkkafé eller ha ei anna tilskiping (høyrde vi kake?). Bruk 12. mai til å invitere fleire til å bli frivillige i Mållaget og til å invitere fleire inn i språket. Vi set saman ei stand-pakke med masse flott tilfang, som vi sender gratis til alle lokallag som vil ha. Vi lagar også materiell som kan brukast til å lage eigne plakatar, flygarar og t-skjorter.

Det viktigaste er at Mållaget og Målungdomen er synlege denne dagen og at vi markerer nynorsken på ein positiv måte.

Vi ynskjer alle ein god nynorskdag!

Lurer du på noko? Ta kontakt med
Hege Lothe i Noregs Mållag: 926 48 348 / hege.lothe@nm.no
Norsk Målungdom: Emma Pedersen 97 34 28 64 / norsk@malungdom

Fil til nedlasting: https://www.nm.no/app/uploads/2023/04/Nynorskdagen-1.png