Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slepp nynorsken til i Nationen!

 (01.12.2005)

Melding. 01.12.05. – Fleire journalistar i Nationen har blitt oppmuntra til å skrive nynorsk att etter at vi fekk Nynorsk redaktørpris, fortel sjefredaktør Tove Lie.

Då sjefredaktør Tove Lie tok imot Mediemållaget sin redaktørpris under Kringkastingsringen sitt jubileum 1. oktober, takka ho med eit stev. Sjefredaktøren understreka òg at nynorsken var noko dei tok alvorleg i Nationen.

Brei pressebakgrunn
Tove Lie er frå Trysil og fekk under oppveksten betre karakter i nynorsk enn i bokmål. Journalistkarrieren sin starta ho i studentavisa Under Dusken, etter det har ho vore innom det meste på venstresida i presse-Noreg. To og eit halvt år i Klassekampen, ein sving innom Arbeiderbladet før ho hoppa av til fagbladpressa og var journalist i fagbladet til Kommuneforbundet, so var ho ei tid i Ny Tid mellom anna som konstituert redaktør, for så og gå til LO-aktuellt. Til slutt enda ho i Nationen. Her har ho gått gradane. Fyrst som vaktsjef, så redaksjonssjef, nyhendesjef og no altså redaktør.
– Eg har med andre ord brei røynsle frå utsette aviser som er avhengig av pressestønaden, flirer ho. Ho vil ikkje rekne Nationen som ei venstresideavis, men meiner fellesnemnaren for stadane ho har arbeidd meir er at det er motstraumspublikasjonar.

Skriv nynorsk sjølv
Så lenge Lie har vore tilsett i Nationen har det alltid vore nynorsk der. Sjølv om det ikkje alltid har vore slik.
– Dei siste åra har det her i avisa vore meir fokus på nynorsk, fortel Lie. Eg meiner det er viktig fordi vi skriv for folk som talar dialekt og som har nynorsk som ein del av sin identitet. Etter at vi fekk nynorsk redaktørpris har fleire ynskja å prøve seg. Nokre journalistar som ikkje har skrive nynorsk på fleire år har men nynorsk redaktørpris blitt oppmuntra til å prøve igjen. I Nationen er det to journalistar som skriv nynorsk heile tida og mellom fem og seks som berre gjer det av og til. Enno er det fleire som vil. Mykje av det innsendte stoffet og debattinnlegg er på nynorsk.
– Difor er det viktig for oss å ha folk desken som kan nynorsk, konstaterar Lie.
Sjølv om ho i dag skriv lite i avisa, meiner ho det er viktig at ein del av det ho skriv er på nynorsk.
– Etter at Alf Skjeseth slutta er det ingen som skriv kommentarar på nynorsk, her lyt eg ta ansvar og skrive noko av kommentarstoffet mitt på nynorsk, meiner Lie.

Bokmål har hegemoni
Korleis ser de på «Slepp nynorsken til!» kampanjen i Nationen?
– Her er kampanjen heilt ukontroversiell. Her skriv dei som vil nynorsk.
Argumenta til VG og Dagbladet om at tospråksaviser skal vere meir rotete og dårlegare enn eittspråksaviser skjønar Tove Lie ikkje.
– NRK er vel ikkje noko dårlegare fordi nyhendesendingane ofte er tospråklege, meiner Lie. Ho meiner at det er innhaldet i sakene som avgjer om avisa er god eller ikkje. At nynorsk skal vere eit dårlegare nyhendespråk enn bokmål er ho heller ikkje samd i.
– At nokon hevdar det, kan handle om at få nyttar det, meiner ho. Men strengt tatt har dette med hegemoni å gjere, meiner Lie. Sjølv meiner ho ikkje at nynorsk er noko dårlegare nyhendespråk enn bokmål.
– Dei beste nyhendeopplesarane i NRK snakkar nynorsk og NRK har gjort ein god jobb for nynorsk som nyhendespråk.

Vekk med raudblyantane
Ho er ikkje framand for korkje nynorsk rettskriving eller målpolitisk argumentasjon. Når borna spør henne kvifor dei må lære nynorsk på skulen svarar Lie at nynorsk er det eigentlege norske språket og at det er tufta på dialektane. Sjølv om ho synest at det er mykje rart so er lovleg i nynorsken i dag. Ho vil likevel seie seg einig i det Magni Øvrebotten sa under Kringkastingsringen sitt jubileum der ho fekk prisen.
– Raudblyantane må vekk, Lie trur dei skadar meir enn dei hjelp.

Teksten står på trykk i Norsk Tidend 5/2005.

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no