Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 12. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektprisen til Are og Odin!

 (26.10.2005)

Pressemelding frå Norsk Målungdom 26.10.05: Programleiarduoen til Petre, Are og Odin, får Dialektprisen til Norsk Målungdom 2005.

- Are og Odin nyttar trønderdialekt på radio og er stolte av det, seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom. – Ved å vera kompromisslause i språkbruken, og dimed signalisera at knoting er ut, er dei gode føredøme for ungdom som vil halda på dialekten sin. Difor får dei Dialektprisen i år.

Dialektprisen til Norsk Målungdom vert delt ut ein gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg på ein positiv måte med bruk av dialekt. Tidlegare mottakarar er hiphopgruppa Tungtvann, filmen United ved regissør Magnus Martens og artisten Ravi.

Prisen vert delt ut i teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo, Rosenkrantz’ gate 8, fredag 28.10 klokka 14.00.

For meir informasjon:

Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom: tlf. 90 02 66 18
Margit Ims, nestleiar i Norsk Målungdom: tlf. 99 26 83 25

Utdelinga av prisen har allereie fått mykje merksemd. Sjå innom til dømes <a href="http://www.nrk.no/nyheter/kultur/5178620.html">NRK</a>, <a href="http://www.ba.no/puls/article1798763.ece">Bergensavisen</a> og <a href="http://www.adressa.no/kultur/article585367.ece">Adresseavisa</a>.

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no