Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Arnfinn Kolerud

 (15.04.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 15.04.05. Det er Arnfinn Kolerud som vert tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2004. Juryen meiner at Arnfinn Kolerud har skrive ei djup, alvorleg og humoristisk bok om oppvekst. Den heiter Den som ikkje har gøymt seg no.
- Denne oppvekstromanen har ein magisk undertone; Dette er bygdemagi, skriv juryen i grunngjevinga.

Prisen som er på 15 000 kroner vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i Tromsø fredag 15. april 2005. Prisvinnar Arnfinn Kolerud er sjølv til stades for å ta imot prisen. Dette er andre litteraturprisen Arnfinn Kolerud har fått for denne boka. Tifelgare i år fekk han Kritikarprisen.

Kolerud er 36 år og bur i Måløy og kjem frå Isfjorden i Romsdal. Arnfinn Kolerud fekk Nynorsk barnelitteraturpris i 1996.

Grunngjevinga frå juryen:
Arnfinn Kolerud har skrive ei djup, alvorleg og humoristisk bok om oppvekst. Hovudpersonen Odd meiner at han ikkje er som andre: ”Han kunne ikkje putte ei skei i munnen utan å tenke at det var ein raring på baksida.” Som ein tråd i romanen finn lesaren Odd sitt livsprosjekt: Å gjera verda til ein betre stad å vera for alle. Då bestekameraten Per Tore får det føre seg at det kviler ei forbanning over han, stel hjelparen Odd kameraten sine raude joggesko, og går inn for å motbevisa forbanninga. Testane får fatale føljer, men likevel veks gutane på hendingane.

Den som ikkje har gøymd seg no er ein spennande og morosam tekst som heile tida utviklar seg i retningar som lesaren ikkje kan ana. Teksten er velskriven og språkleg stilsikker. Perspektivet er på truverdig vis plassert hos hovudpersonen. Handlinga er i tid lagt til forfattaren sin eigen barndom, men dette er ikkje ein tekst som ser tilbake. Handlinga er aktuell og lesarar vil lett kunne identifisera seg med personane i boka. Teksten vil truleg ha sterk appell samstundes som den har høg litterær kvalitet.

Ungdomslitteraturen tel mange oppvekst- og utviklingsromanar frå bygdemiljø, og Kolerud tar bygdesamfunnet på kornet når han på ein godmodig måte karakteriserer romsdølen sin fåmælte stil og uvilje mot å stikka seg fram. Likevel skil Den som ikkje har gøymd seg no frå andre oppvekstromanar. Det er ein magisk undertone i forteljinga: Kva er årsak og kva er verknad? Vil verda bli ein betre stad dersom Odd blir halden borte frå vatn, slik som symjebasseng og vassklosett? Kva er tilfeldig og kva er bestemt? Dette er bygdemagi.

Jury for Nynorsk barnelitteraturpris 2004:
Trude Hoel
Randi Brenden
Anna Beate Storm-Larsen

Vil du ha kontakt med forfattaren:
Arnfinn Kolerud; 452 20 785 (m)

For meir infomasjon:
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bilete av prisvinnar vert lagt ut her: <a href="http://www.nm.no//bilder/arnfinn_kolerud.jpg">Arnfinn Kolerud</a>

Les også <a href="http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4670850.html">NRK Sogn og Fjordane</a> og <a href="http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_more_og_romsdal/4670458.html">NRK Møre og Romsdal</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no