Slepp nynorsken til!
(15.04.2005)
Pressemelding. 15.04.05. I dag opnar landsmøtet til Noregs Mållag i Tromsø. Det er eit offensivt landsmøte som meiner at det er på høg tid å sleppe nynorsken til i VG og Dagbladet!
Ved opninga av landsmøtet vil Noregs Mållag presentere sin nye kampanje; Slepp nynorsken til! Dette er ein kampanje for at VG og Dagbladet skal sleppe til nynorsk på redaksjonell plass.
- Dette handlar om å ta på alvor det språklege og kulturelle mangfaldet. Om å få fram verdien av det norske – nynorsk, bokmål og dialektane. Dagbladet og VG må spegle dette mangfaldet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
- Nynorskbrukarane utgjer ei stor gruppe i landet vårt, og det er viktig at desse lesarane vert tatt på alvor. Det vil gje språkleg toleranse der det trengst, og språkleg sjølvtillit der det trengst, slår han fast.
Landsmøtet varer frå i dag fredag 15. april til søndag 17. april 2005. Landsmøtehotellet er SAS Radisson i Sjøgata 7 i Tromsø sentrum. Landsmøtet tek til klokka 13.00.
For meir informasjon: Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m) Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m) Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/8469/9447">landsmøtet</a>
--- Dagsorden for landsmøtet
Fredag 15. april 2005 10.00 Innsjekking 13.00 Opning og konstituering 13.45 Utdeling av Nynorsk barnelitteraturpris 2004 Utdeling av Målblome til mellom anna SV-politikaren frå Iran Reza Rezaee for arbeidet for nynorsk i Oslo. 14.45 Lansering av mediekampanjen: Slepp nynorsken til!
15.00 Leiartale v/ Endre Brunstad Ordskifte 15.45 Kaffipause 16.55 Årsmelding 2004-2005 v/ Karstein Bjørge Ordskifte, godkjenning
17.35 Regional organisering av Noregs Mållag v/Håvard Teigen Ordskifte 18.20 Innstilling frå fullmaktsnemnda 19.15 Slutt for dagen
21.00 Konsert med gruppa Vajas på Kafe Cirka
Laurdag 16. april 2005 09.00 Samisk og nynorsk i eit globalt perspektiv Landsmøtetale ved Ole Henrik Magga Ordskifte
11.00 Internasjonalt program v/Endre Brunstad 11.45 Rekneskap 2004 v/Gro Morken Endresen 12.00 Matpause
13.00 Arbeidsprogram 2005 - 2008 v/Berit Rekve 14.30 Budsjett 2006, økonomiplan 2006-2008, årspengar 2007 v/Gro Morken Endresen og Karstein Bjørge 15.00 Kaffipause
15.20 Lovendringar og andre landsmøtesaker Innleiing ved Karstein Bjørge 16.00 11. Fråsegner 16.30 Helsingar 17.00 Slutt for dagen
17.30-19.00 Byvandring i Tromsø
20.00 Landsmøtemiddag og nattsete på hotellet Målprisutdeling Utdeling av heidersmedlemskap
Sundag 17. april 2005 09.30 12. Parallelle seminar 11.00 Vedtak arbeidsprogram 11.30 Vedtak internasjonalt program 11.50 Vedtak frå regionaliseringsutvalet 12.10 Vedtak økonomisaker 12.20 Vedtak lovendringar og andre landsmøtesaker 12.30 Matpause
13.30 Fråsegner 14.15 13. Val 14.45 Avslutning 15.00 Slutt
|
|