Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektpris til Ravi

 (29.10.2004)

Artisten Ravi fekk Norsk Målungdom sin dialektpris!
– Dialektane i Noreg er truga av bokmålet. Ravi nyttar tønsbergdialekten i musikken sin og viser på den måten at austlands-
dialektane fungerer godt, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom.

–Ravi har vorte kalla ambisiøs språkfornyer. Men ”ravisk” er i grunnen ikkje noko anna enn vanleg tønsbergdialekt, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom. – For ikkje mange år sidan var det langt vanlegare enn i dag å syngja på bokmål, dersom ein i det heile song på norsk. Ravi illustrerer ei endring på dette feltet.

Utdelinga av dialektprisen var startskotet på Målstridkonferansen til Norsk Målungdom og Målungdomen i Oslo. Konferansen, som varar ei helg, samlar elevar frå vidaregåande skular i heile landet. På konferansen er nynorsk i Oslo-skulen og betre sidemålsundervising hovudemna. Erling Lae, byrådsleiar i Oslo, held opningstalen fredag.

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no