Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse

 (23.04.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 23.04.04. Nynorsk litteraturpris 2003 har blitt tildelt Jon Fosse. Han fekk prisen for boka «Auge i vind». Prisen er på 15 000 kroner.

Nynorsk litteraturpris vert delt ut på landsmøtet i Noregs Mållag i Ålesund. Jon Fosse kunne ikkje sjølv vere til stades under utdelinga. Han sende likevel ei helsing der han sa at då han fekk Norsk kulturråds ærespris takka han nynorsken. Og denne takken gjentek han ved denne tildelinga!

Juryen sin grunngjeving ser slik ut:
Det har vore lett.
Det har vore vanskeleg.
Men først og fremst har det vore ein fryd.

Nynorsk litteraturpris for 2003 går til ei bok som for det første er godt skriven og for det andre er formulert på nynorsk – for slik seier vedtektene for Nynorsk litteraturpris at det skal vere: Godt og nynorsk skal det vere.

Det er vanskeleg å velje éi bok når du har mange gode å velje blant. Men det er lett også, for du kan nesten velje kva bok som helst utan å velje feil. Slik sett har komiteen hatt eit luksusproblem, og undervegs har vi ikkje ein gong vore samde om kven som var best i 2003.

Nynorsk litteraturpris for 2003 går til ein forfattar som sidan debuten i 1983 gong etter gong har vist at han kan skrive i alle sjangrar. Med sin særeigne skrivemåte har han erobra sjanger etter sjanger. Forfattaren er i dag blant dei fremste i Noreg, uansett skriftspråk. På suverent vis let han dikta sine piple opp og fram bortanfor refleksjon og teoriar i noe vi av mangel på eit meir presist omgrep vil kalle poesiens område. Utan å nøle tar forfattaren på seg store ord som gud, engel og kjærleik utan å nytte hermeteikn på dei. Vi kunne nesten sagt det var naivt, viss det ikkje nettopp var for at det var poesi – dette patosfylte språket med uklar nytteverdi. Hos denne forfattaren finst inga sjølvforherligande glede i å avsløre dumt og tomt språk, snarare finst ei glede i å mane fram språkremser og rytmar som kanskje gjer oss lyttande og sjåande på denne spesielle måten som vi da må kalle poetisk.

Det er med stor glede vi slår fast at Jon Fosse får Nynorsk Litteraturpris 2003 for diktsamlinga «Auge i vind» (2003) – og til slutt enda eit lite sitat frå diktsamlinga:
«usynlege hender leier oss/ rundt omkring ingen ser hendene ingen veit om dei/ men utan desse hender ville dei svarte taka i hjarta våre/ drive oss ned i ei trampande uro/ der vi står/ og ikkje kan sjå// Det er desse usynlege hender som legg sin stille musikk/ inn i oss/ som eit lyftande sug/ inn mot den stilla/ som gjer at dagen kan levast»

Jury for nynorsk litteraturpris 2003:
Synnøve Skjong, Tone Ringen og Atle Christiansen


For meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no