Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen til Jon Låte

 (10.03.2004)

Melding. 10.03.04. Odda Mållag har gjeve Jon Låte målprisen for 2003.

Slik ser grunngjevinga ut: «Jon Låte voks opp med leikarring og møte i Odda Ungdomslag og fekk såleis med seg ein solid norskdomskultur.

På 1960-talet såg han seg lei på at Odda kommunale høgre ålmennskule ikkje alltid greidde å gje nynorskelevane prøver med nynorsk tekst og at nynorske lærebøker kom for seint. Han opplevde ei språkleg diskriminering som førde til at han var med og organiserte ein streik med krav om språkleg rettferd. Vidare var han med og skipa elevmållag.

I studietida i Bergen var han aktivt med i «Ervingen» og fungerte som leiar eit år. Han kom etter kvart sterkt med i Noregs Mållag, og på landsmøtet i Odda i 1987 vart han vald til leiar. Han fungerte i leiarstillinga til 1989. I fleire år var han leiar for Kringkastingsringen, ein organisasjon som arbeider for meir nynorsk og dialekt i NRK. I 2003 har han og vore språkkonsulent for oppsetjinga av Bikubesong på Det Norske Teatret

I arbeidet sitt i Norsk Form har han brukt ledig nynorsk, og han snakkar eit bygdemålsprega oddamål.
Han har og vore leiar for Odda Industristadmuseum og Tyssedalsprosjektet.

Jon Låte har i lang tid stått i fremste rekke i målarbeidet på landsplan. For denne store innsatsen får han Odda Mållag sin målpris for 2003, eit trykk av kunstnaren Solfrid Aksnes.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no