Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sigmund Skard-stipendet 2003 til Rønnaug Kleiva

 (20.08.2003)

Melding. 20.08.03. Sigmund Skard-stipendet er er på kr 25 000 og er sidan 1995 blitt utdelt av Litterær avdeling i Det Norske Samlaget.

For 2003 går stipendet til Rønnaug Kleiva. Ho er fødd 1951 i Vartdal på Sunnmøre, debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon. Sidan har ho skrive 17 bøker i ulike sjangrar, mest skjønnlitterært, dikt, prosa, skodespel og sakprosa, og både for barn og vaksne. Kleiva markerte seg tidleg med sin formsikre originalitet, også med særeigne titlar, som poesiromanen frå 1986, Å fø fram ein kalv over vinteren, eller Ikkje gløym å klappe katten, som både gav henne Kritikarprisen og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. Fleire av bøkene hennar har vore illustrerte av framståande biletkunstnarar. Rønnaug Kleiva fekk Noregs Mållags barnebokpris 1990 for ungdomsromanen Plutseleg no, og i 1998 fekk ho Samlagsprisen.

Sigmund Skard-stipendet får ho for heile sin sterke, tydelege og insisterande og stilsikre forfattarskap, men det er freistande å framheve den kritikarroste Fangeteneste, ei prosabok som kom i 2001. Tekstene der vart karakteriserte både som nedkjølte og vulkanske, med mørke, farlege og durkdrivent forførande og sensuelt uhandgripelege undertonar. I desse dagar er ho rykande aktuell med romanen Ingen reell fare.

Skard-stipendet er først og fremst knytt til Skards innsats for norsk skriftkultur, som han fekk Brages første heiderspris for i 1992.

Dei som tidlegare har fått stipendet er Eva Jensen, Erna Osland, Liv Nysted, Einar Økland, Solveig Aareskjold, Frode Grytten, Are Kalvø og Brit Bildøen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no