Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. MARS 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Østfoldmålprisen til Strømshaug

 (15.12.2000)

Østfoldmålprisen for år 2000 blei i dag tildelt Kristian Strømshaug frå Råde for hans årelange granskingsarbeid av målføra og innsamling av tradisjonsstoff i Østfold.

Kristian Strømshaug er fødd i 1921 og var fram til pensjonsalder tilsett ved Borgarsyssel museum. Han har skrive fleire bøker om østfoldtradisjon. Strømshaug fekk Østfold fylkes kulturpris i 1973.

Østfoldprisen er eit bilete av Fredrikstadkunstnaren Egil Torin Næsheim.

Det er andre gong Østfoldmålprisen går til ein person frå Råde. Einar Lundeby fekk prisen i 1996.

Østfoldprisen vert delt ut av Østfold Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no