Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bård Kolltveit har fått målpris av Odda Mållag

 (24.02.2006)

Odda Mållag sitt årsmøte har den 16. februar 2006 tildelt Målprisen 2005 til Bård Kolltveit.

Dette skriv Odda Mållag i grunngjevinga:
Bård Kolltveit er fødd i Odda i 1942. Sjølv kallar han seg ein språkleg kameleon, men det er i denne samanhengen lite å akte på.

Etter artium i Odda, cand philol.eksamen ved Universitetet i Bergen og eit halvt år som lektor på Askøy, har han verka heile sitt yrkesaktive liv på Norsk Sjøfarstmuseum.

Frå 1970 som konservator, som direktør frå 1985 – 2001. Dei siste 4 åra som forskningsleiar.

Bård Kolltveit vaks opp i eit pulserande sentrumsmiljø og kom tidleg i kontakt med skriving, båtar og sjøfart i ei tid då Oddasamfunnet var sjølvforsynt. Dette galdt både industrien og bysamfunnet.

HSD var og i sine glansdagar og kapteinen på ein ny HSD-båt stod såleis ikkje langt etter kongen i rang.

Bård er som museumsfolk flest – ein skrivande mann, og har publisert 14 boktitlar i sin karriere så langt. I tillegg til å føra pennen, fører han også blyanten og er ein eminent teiknar – då særleg av båtar. Der andre kunstnarar dveler vel linjeføringa i menneskekroppen, hus eller landskapet – dveler han ved linjene i båtane.

Av dei 14 bøkene hans er seks på engelsk, fem på bokmål og tre på nynorsk. Då Norges Mållag har brukt slagordet ” Nynorsk - A better language ”er det råd å sei at ny norsk har ei leiing klar leiing med 9 mot 5 boktitlar på bokmål.

Poenget er at dei bøkene som er gjevne ut på nynorsk er dei som vert lesne av folk flest fordi dei på ein sann og ekte måte formidlar vitale sider ved vår eigen lokale og den vestnorske natur og kultur gjennom:
Over fjord og fjell. HSD 1880 – 1980

I rute ; HSD 1880 – 2005

Lokalbåten i serien Norsk Kulturarv frå Det Norske Samlaget.

Ein mangeårig artikkelserie om HDS båtar i meldingsbladet HSD-posten

Bård Kolltveit har og gledd mange – svært mange – både heimebuande og utflytta oddingar gjennom artikaler i Odda i Manns Minne med sine presise og velformulerte ”mimringar” om båtar og livet langs kaiane, om institusjonen bladet ”Hardanger” – som berre vart kalla Haringjen, eller om livet som barn i industristaden Odda i skjæringspunktet mellom to kulturar: Industriarbeidaren sin kvardag og realitet og det gamle bondesamfunnet sine nedervde verdiar og oppfatningar.

At presise og velformulerte mimringar vert sett pris på, er opplagstala til Odda i Manns Minne eit godt prov på.

Bård Kolltveit nyttar og oddadialekt eller normalisert nynorsk i lyd og lag der han finn det naturleg, og han har til dessar vore ein flittig gjest både som program og deltakar på kulturarrangement i distriktet.

Han har også skrive ei rekkje artiklar i tidsskriftet Hardanger som vert utgjeve av Hardanger Historielag. Her står og sjøen og fedsla på den sterkt, og no i år slo han også til i Hardangerjol som vert utgjeve av Hordaland Ungdomslag.

Kameleon eller ikkje, så er han ein av dei som gjer det norske og nynorsken synleg i både i det nasjonale og det lokale landskapet.

For denne innsatsen vert han føreslegen som mottakar av Odda Mållag sin Målpris 2005 – eit trykk av Solfrid Aksnes: Bokstavflygarar.

At trykket har fjorden og ei HSD – ferje i motivkrinsen må i denne samanhengen tilleggjast vekt – sjølv om det aldri tidlegare har vore nemt i grunngjevinga til prisen.

I tillegg til alt dette veit vi og at prismottakaren har eit upublisert manuskript på nynorsk om soga til ei særmerket lokal verksemnd som har vore vital i over 150 år.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no