Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målungdommen med landsmøte på Lista

 (23.03.2006)

Norsk Målungdom skipar til sitt 46. landsmøte på Lista i Vest-Agder frå fredag 24. – søndag 26. mars. Organisasjonen kan sjå attende på eit godt år, med medlemsrekord, tusenvis av underskrifter til Slepp nynorsken til!-kampanjen og ei sterk satsing på nynorsk i skulen. No samlar utsendingar frå heile landet seg for å førebu året som kjem.

Landsmøtetalaren er i år Reza Rezaee, bystyrerepresentant for Oslo SV. Rezaee har markert seg som ei tydeleg røyst i samband med nynorsk i skulen og nynorskopplæring for innvandrarar.

I året som gjekk har Synnøve Midtbø Myking frå Lindås i Hordaland vore leiar, og ho tek attval for eitt år til. Margit Ims frå Våle i Vestfold tek attval som nestleiar, medan Ola Haugen Havrevoll frå Suldal i Rogaland vert ny dagleg leiar.

For meir informasjon: Synnøve Myking, leiar i Norsk Målungdom, telefon 900 26 618 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no