Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Synnøve Myking attvald i NMU

 (27.03.2006)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 27.03.06:
Synnøve Midtbø Myking (21) vart samrøystes attvald som leiar i NMU på landsmøtet på Lista i Vest-Agder. Synnøve er frå Knarvik, og har markert seg som ein god og tydeleg leiar for ein organisasjon i kraftig vekst.

- For meg er noko av det viktigaste å få fram meir nynorsk der ungdomar kan sjå han. Til dømes rikspressa, teksting på kinoar og i ungdomsblada, seier Synnøve Myking. I tillegg må me ikkje gløyma at nynorsken ikkje er reelt jamstilt med bokmålet, og at mange nynorskelevar møter eit stort press frå lærarar og elevar for å byta til bokmål. Dette må me arbeida for å hindra.

Synnøve Myking har mellom anna vore mykje framme i media, og utspela hennar har fått mykje merksemd i rikspolitikken.

Ho har tidlegare sete i landsstyret i NMU, og vore aktiv i Bergen Målungdom. Med seg i styret får ho bergensguten Hans-Petter Strøm de Fine, i tillegg til suldølen Ola Haugen Havrevoll som ny dagleg leiar.

Resten av sentralstyret er samansett av heile fire austlendingar som alle har byta frå bokmål til nynorsk. Dei heiter Ingebjørg Før Gjermundsen frå Os i Østerdalen, Morten Elster og Jens Kihl frå Oslo og Margit Ims frå Re i Vestfold.

For meir informasjon, kontakt:
Jens Kihl, pressesjef: 99 23 14 90
Synnøve Midtbø Myking, leiar: 90 02 66 18

For bilete av Synnøve Myking
Les meir hjå www.nynorsk.no

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no