Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hege Myklebust er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

 (07.04.2006)

Hege Myklebust (36) frå Stord i Sunnhordland er samrøystes innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Valet finn stad under jubileumslandsmøtet i Oslo siste helga i april.

Hege Myklebust arbeider som høgskulelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, og har brei politisk erfaring frå målrørsla. Ho har vore dagleg leiar i både Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og var styremedlem i Noregs Mållag frå 1998 til 2000. Ho var generalsekretær i Nei til EU frå 1998 til 2001.

– Eg tykkjer det er svært spennande å bli spurd om å vere leiar i jubileumsåret til Noregs Mållag, seier Hege Myklebust.

– Mållaget og nynorsken har mange utfordringar framom seg, men samstundes gode høve til å vinna nye område i tida som kjem. Det vil vera viktig å fylgja opp satsinga på Slepp nynorsken til-kampanjen, å få nynorsk inn i riksdekkjande presse ser eg på som sentralt. Eg trur òg me har sjansen til å snu motstanden mot nynorsk i skulen, ved å arbeida for at nynorsken kjem inn i skulen endå tidlegare, slik dei nye læreplanane opnar for.

– I tillegg skal 100-årsjubileet markerast og brukast til å få fram at nynorsken har ein sjølvsagd plass i Noreg, og framleis vil ha det dei neste 100 åra. Mellom anna ser eg at Stortinget og Språkrådet si satsing på ein norsk språkpolitikk gjev rom for å markera kor viktig nynorsken er og har vore.

Framlegg til ny nestleiar er Åsmund Lien (58) frå Os i Hordaland. Han arbeider på kulturkontoret i Os kommune. Åsmund Lien var tilsett hjå Noregs Mållag frå 1971 til 1983, og nådde i løpet av desse åra å bli ein av dei som har reist lengst og mest for målsaka. Han har vore leiar i Kringkastingsringen.

Framlegg til ny styremedlem er Morten Søberg (37). Han kjem frå Trondheim og har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo. Han arbeider som politisk rådgjevar for parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa. Berit Rekve (Oslo) tek attval for to nye år, medan Unn Røyneland (Oslo) og Nils Ulvund (Ålvundfjord) ikkje står på val. Framlegg til varafolk er Olav Skare frå Tromsø, Anne Marit Godal frå Oslo, Anne Elise Winterhus frå Stavanger og Sæbjørn Forberg frå Skjåk.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, kandidat til leiarvervet i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)
Åsmund Lien, kandidat til nestleiar i Noregs Mållag, 922 23 584 (m)

Bilete til nedlasting
Relaterte filer:
Hege Myklebust (jpg-fil)
Hege Myklebust_1 (jpg-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no