Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Vågnes

 (28.04.2006)

Nynorsk litteraturpris 2005 vert tildelt Øyvind Vågnes for boka ”Ekko” i dag. Forfattaren er 33 år gammal, frå Sunnmøre, og er stipendiat ved Universitetet i Bergen.

Nynorsk litteraturpris 2005 vert utdelt under landsmøtet il Noregs Mållag i dag. Jury for Nynorsk litteraturpris 2005 har vore Morten Haugen, Torgeir Fonnlid og Synnøve Skjong.

Prisvinnaren debuterte 2003, og fekk begeistra kritikkar. Dette er den andre boka hans.

Juryen seier i grunngjevinga si at dei har valt å leite utanom forfattarar som tidlegare har mottatt prisen, og søkt å finne ei særeigen og spennande stemme blant de unge forfattarane.

"Vi gir prisen til ei bok som går inn i ein ambisiøs dialog med tidligare tekstar, mytar og musikk. Samtidig er det ein samtidsroman der hovudpersonane er menneske i dag som arbeider med livsretningsval, håpar på kjærleik og utforsker lagnadsgrenser. Forteljestilen er nøktern; ved at emosjonar og dramatikk blir neddempa blir det skapt ein medrivande spenning i teksten.

Ekko er romanen om den retningslause Lasse Echo, som tilfeldig flytter til Bergen etter å ha mist venner, sambuar og familie. Ein rusten spiker fører han i nær kontakt med hybelverten, og eit pussig, taust og etterkvart varmt vennskap veks fram mellom to menn som begge lever ein usynleg liv på sida av verda. Verten viser seg å vere dødssjuk, han døyr og etterlet seg ein lydkassett som Lasse reiser til New York med for å levere til ei kvinne som viser seg å vere den ukjende dottera til verten.

Handlinga vekslar mellom ei ”love-story”, lagnadsforteljing og å gje interessante glimt av ein generasjons livskjensle. Det er den medvete neddempa pasjonslause forteljarstemma som gir liv til forteljinga.

Romanen spelar på Ovids fortelling om Narscissos og Echo fra Metamorfoser; og bruker også andre tekstar og mytar som del av, og som resonnans til, forteljinga.

Då boka kom ut lot fleire kritikarar seg begeistre av sider ved ”Ekko”. Dei peikte på originale, spennande og kompetente grep. Kritikerane fann også svake sider. Juryen ser begge sider, men hovudinntrykket er at romanen er velskriven, at den har noko å seie og at den finn eit språk for det. Øyvind Vågnes er framleis undervegs som forfattar, men juryen finn så mye interessant i denne romanen at prisen går til han som ei erkjenning av eit godt påbegynt forfatterskap."

For eit oversyn over tidlegare mottakarar av Nynorsk litteraturpris, klikk her.

For meir informasjon, ta kontakt med Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag 92648348.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no