Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olaug Nilssen har fått Målprisen 2006

 (30.04.2006)














- Forfattar Olaug Nilssen har markert seg som ein flott frontkjempar for retten til å få skriva nynorsk i dei store Osloavisene. Dette set vi i Noregs Mållag stor pris på, sa Nils Ulvund, fungerande leiar i Noregs Mållag, då Målprisen 2006 vart delt ut under festmiddagen i Rådhuset i Oslo laurdag kveld.

Olaug Nilssen har skrive bokmeldingar i aviser og tidsskrift, og er kjend for å ha takka nei til å melda bøker i Dagbladet, mellom anna på grunn av at ho ikkje fekk skriva nynorsk. Ho er eit førebilete for unge målfolk og det var difor naturleg at det var Olaug Nilssen som held talen ved opninga av hundreårsmarkeringa til Noregs Mållag tidlegare i år.
Forfattar Olaug Nilssen debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998, der ho markerte seg sterkt om vanskelege emne som anoreksi og angst. Seinare har ho gjeve ut bøkene Vi har så korte armar: tilstandsrapportar i 2002, barneboka Ronnys rumpe i 2004, essaysamlinga Hybrideleg sjølvgransking og romanen Få meg på, for faen – båe to i 2005.

For meir informasjon:
Hege Lothe, informasjonsmedarbeidar, 926 48 348 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no