Hege Myklebust er ny leiar i Noregs Mållag
(30.04.2006)
Hege Myklebust (36) frå Stord er vald til ny leiar i hundreårsjubilanten Noregs Mållag. Ho vart vald med jubel og applaus frå utsendingane på jubileumslandsmøtet i Oslo i helga. – Det viktigaste no blir å få nynorsken inn i skulen alt på barnesteget, dette vil gje både betre kunnskapar i og haldningar til nynorsk, seier Hege Myklebust, nyvald leiar i Noregs Mållag. Ho er oppteken av å styrke nynorsken både i skulen og i resten av samfunnet. – Hundreårsjubileet skal me bruke til å få fram at nynorsken har ein sjølvsagd plass i Noreg, og framleis vil ha det dei neste 100 åra, seier Hege Myklebust.
Hege Myklebust arbeider som høgskulelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, og har brei politisk erfaring frå målrørsla. Ho har vore dagleg leiar i både Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og var styremedlem i Noregs Mållag frå 1998 til 2000. Ho var generalsekretær i Nei til EU frå 1998 til 2001.
Ny nestleiar er Åsmund Lien (58) frå Os i Hordaland. Han arbeider på kulturkontoret i Os kommune. Han har tidlegare vore leiar i Kringkastingsringen.
Ny styremedlem er Morten Søberg (37). Han kjem frå Trondheim og har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo. Han arbeider som politisk rådgjevar for parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa. Berit Rekve (Oslo) vart attvald for to nye år. Unn Røyneland (Oslo) og Nils Ulvund (Ålvundfjord) stod ikkje på val. Varafolk er Olav Skare frå Tromsø, Anne Marit Godal frå Oslo, Anne Elise Winterhus frå Stavanger og Sæbjørn Forberg frå Skjåk.
For meir informasjon: Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)
Hege Lothe
Relaterte filer:
|
|