Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Berge Furre er ny heidersmedlem

 (30.04.2006)

Berge Furre vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag under festmiddagen i samband med hundreårsjubileet til Noregs Mållag.

Med si velkjende røyst har han gjennom ein mannsalder bore oppe eit ledig nynorsk normaltalemål. Dette målet har han nytta som viktig samfunnsaktør både som politikar og akademikar. Han har klårt sett merke etter seg med sitt gode språk. I 1993 fekk han Norsk Språkpris.

Men Furre er meir enn ein talande mann. Kor mange har ikkje fått innsyn i nyare norsk historie gjennom Berge Furre – på nynorsk.

Og Furre er sjølvsagt organisert målmann. På slutten av 60-talet var han den sentrale strategen som la det teoretiske grunnlaget for målrørsla i ei ny moderne tid og leidde mållaget inn i 70-talet med ein ny politikk. Mellom anna gjennom strategidokumemtet Målreising -67! som gjorde Mållaget budd på den store dialekt- og distriktsbylgja som målrørsla seinare var ein sentral del av.

I heile livet sitt har Furre vore i stand til å analysera og verka i skiftande tider. Det finst snaut den allmennpolitiske- eller kulturpolitiske saka Furre ikkje har vore innom. Og i alle desse arbeidsfelta har nynorsken vore med.

Berge Furre har hatt ei rekkje sentrale verv i målrørsla.

Marie Lovise Widnes og Audun Heskestad vart òg utnemnde til heidersmedlemer i Noregs Mållag.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Heidersmedlemer (jpg-fil)
Berge Furre (jpg-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no