Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Audun Heskestad ny heidersmedlem

 (30.04.2006)

Det finst snaut nokon i heile den norske litterære verda som ikkje kjenner Audun Heskestad. Og like visst ligg namnet hans på tunga til kvar ein kulturpolitikar på Stortinget gjennom mange tiår.

I 33 år har Det Norske Samlaget vore arbeidsplassen til Audun Heskestad. Han er juristen som valde nynorsken framføre jussen og vart forlagssjef i Det Norske Samlaget.

Det er ikkje for stort sagt at utan Heskestad ville rammene for nynorsk litteratur hatt mykje trongare kår i Noreg. Det er heller ikkje for sterkt å seia at utan Heskestad ville lovverket om lærebøker og statlege plikter for å finansiera desse, hatt mykje skrinnare kår. Noregs Mållag har mange gonger nytta kunnskapen, kontaktnettet og den politiske nasen til Audun Heskestad når me skal i tingingar med styresmaktene.

Utan ein levande nynorsk litteratur, vil ikkje folket i Noreg få tilgjenge til nynorsk. Utan rekruttering av nye unge nynorske forfattarar, vil nynorsk som litteraturspråk sovna inn. Den fremste garantisten for gode vokstervilkår for gamle og unge nynorskforfattarar har i over tre tiår vore Audun Heskestad.

Audun Heskestad har hatt ei rekkje sentrale verv i målrørsla.

Marie Lovise Widnes og Berge Furre vart òg utnemnde til heidersmedlemer i Noregs Mållag.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Heidersmedlemer (jpg-fil)
Audun Heskestad (jpg-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no