Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Marie Lovise Widnes ny heidersmedlem

 (01.05.2006)

Heilt frå tidleg i ungdomen har Marie Lovise Widnes vore målkvinne. Gjennom eit aktivt liv som politikar, forfattar, diktar, songar og ikkje minst målkvinne har ho vorte ein institusjon i seg sjølv.

Marie Lovise Widnes byrja i ungdomslaget heime i Vanylven allereie då ho var 14 år. Sidan har ho markert seg nasjonalt og lokalt både gjennom politikken og songen. Ho har ein skarp penn og ei kritisk røyst som ofte er å høyre under landsmøta til Noregs Mållag.

Då Marie Lovise Widnes var 19 år skreiv ho Gangdøra. Den vart ein stor radioslager som mange framleis hugsar over 50 år etter. Det er vorte hevda at nynorsken mykje godt vart sunge inn i sjela åt det norske folket. Ei av dei fremste forsongarane har vore nettopp Marie Lovise Widnes.

Då målungdomen aksjonerte i valkampen i Ålesund september 2001, ba dei Marie Lovise Widnes om å halde appellen. Og då hip-hop gruppa Side Brok spela sunnmørsk rapp før landsmøtet i Noregs Mållag i Ålesund i 2004 var det ho som kveikte målfolket med ramsalt appell!

Marie Lovise Widnes fekk utnemninga på festmiddagen på jubileumslandsmøtet, saman med Audun Heskestad og Berge Furre. Etter oppmodingar song ho Gangdøra for festlyden.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Heidersmedlemer (jpg-fil)
Marie Lovise Widnes (jpg-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no