Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til høgsterettsdommar

 (11.08.2006)

For første gong har Juristmållaget gjeve ut sin eigen målpris. Det er neppe uventa for nokon at denne går til høgsterettsdommar Karl Arne Utgård. Gunnar O. Hæreid (biletet), leiar i Juristmållaget, som deler ut prisen ved ei mindre markering hjå Høgsterett i dag fredag 11. august 2006.

Utgård er frå Sykkylven og han har tidlegare mellom anna arbeidd hjå Regjeringsadvokaten og som advokat med eigen praksis på Hamar. Frå 2005 har han vore styreleiar i Domstolsadministrasjonen ved sida av vervet som høgsterettsdommar.

Han har gjennom heile yrkeslivet som jurist, nytta nynorsk. Då han 18. juni 1999 vart utnemnd til dommar i Høgsterett, vart han den første faste dommaren i den høgaste domstolen som nyttar nynorsk. Såleis vart han den første faste leverandøren av avgjerder på nynorsk frå den fremste rettstolkaren i riket.

Men han gav seg ikkje der. For å halda på ein konsekvent språkbruk, bygde han opp eit eige røynslearkiv over nynorske juridiske omgrep. I 2002 gav han dette arkivet ut under namnet Juridisk og administrativ ordliste. Der kan ein slå opp på bokmålsord og finna nynorske synonym.

- Med denne ordlista starta ei ny tidsrekning for nynorskskrivande juristar. Endeleg fekk me ei oppdatert og gjennomarbeidd ordliste som gjer det mogleg å få til meir eintydige omgrep på nynorsk. For mang ein student som har klødd seg i hovudet og lurt på kva ein skal nytta i staden for "uteblivelsesdom", "kjennelse" og "forseelse", ligg svaret i ordlista. Det skal heita "fråveredom", "orskurd" og "misferd". Her har me altså fått verktøyet til å knekka omsetjingskoden, samstundes som Utgård i avgjerdene han skriv, syner oss bruk av omgrepa i praksis, fortel Gunnar O. Hæreid, leiar i Juristmållaget.

I tillegg har Utgård velviljug stilt opp som føredragshaldar ved skrivekurs for nynorskskrivande jusstudentar og juristar, både med Domstolsadministrasjonen og Juristmållaget som tilskipar.

Karl Arne Utgård var den første som fekk prisen Årets nynorskbrukar, ved opninga av Aasen-tunet i 2000.

For meir informasjon:
Gunnar O. Hæreid, leiar i Juristmållaget, 911 80 626 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no