Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skard-stipend til Sigmund Løvåsen

 (17.08.2006)

Frå 1995 har Samlaget delt ut Sigmund Skard-stipendet på 25 000 kroner til ein samlagsforfattar. Årets mottakar av Sigmund Skard-stipendet for 2006 er Sigmund Løvåsen. Løvåsen får prisen for ein forfattarskap som går inn i ein nynorsk skrifttradisjon gjennom tematikk og verkemiddel, men som samtidig er særeigen og fornyande.

Allereie med debutboka Nyryddinga plasserte Løvåsen seg i eit eige landskap, både fysisk og litterært. Språket hans er prega av ein konkret biletbruk der t.d. skildringar av arbeidet blir bilete på både det ytre og det indre livet. Med ein tilsynelatande enkel struktur i forteljingane sine, formidlar han både såre og gode kjensler. Talentet gav han også Tarjei Vesaas’ debutantpris. Forfattaren har sjølv sagt at han i den første boka var inspirert nettopp av Vesaas, men han viser også at han også er prega av nye litterære stemmer og retningar. Første boka nådde også ut til ein stor lesarskare, og han fekk også P2-lyttaranes romanpris for denne romanen. Årets roman, Brakk, er ein frittståande oppfølgjar til debutboka.

Skard-stipendet skal medverke til å utvikle den aktuelle forfattarskapen. Løvåsen har alt markert seg som ein særprega forfattar, og vil i framtida bli ei tydeleg stemme i norsk litterær offentlegheit.

I juryen sit Nina Refseth, Margit Walsø og Finn Totland frå Det Norske Samlaget.

Stipendet skal gå til ein forfattar som har gitt ut minst ei bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Dei som tidlegare har fått stipendet er Eva Jensen, Erna Osland, Liv Nysted, Einar Økland, Solveig Aareskjold, Frode Grytten, Are Kalvø, Brit Bildøen, Rønnaug Kleiva, Olaug Nilssen og Arild Rein. Stipendet skal markere den rolla Sigmund Skard har spelt for nynorsken og for Det Norske Samlaget. Han var knytt til forlaget det meste av livet, som forleggjar, styreformann og ikkje minst forfattar. Stipendet er først og fremst knytt til Skards innsats for norsk skriftkultur, som han fekk Brages første heiderspris for i 1992.

Utgjevingar av Sigmund Løvåsen:
Brakk (roman, 2006)
Daga (drama, 2004)
Nyryddinga (roman, 2003)

For meir informasjon:
Finn Totland, forlagsredaktør, tlf.nr.: 22 70 78 35, e-post: f.totland@samlaget.no


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no