Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Rema 1000 på nynorsk i Volda

 (04.10.2006)

Då den nye Rema 1000-butikken i Volda sentrum opna 18. august, møtte kundane nynorske skilt i butikken. Tre veker etterpå har det vore over 70 positive oppslag i media. Og både Rema 1000-butikkane på Stord og i Sogndal har sagt at dei vil følgje etter.

– Det har blitt teke veldig godt imot. Folk tykkjer det er morosamt og kjekt, fortel Birger Løken. Han seier at han var budd på noko merksemd, men seier at responsen har vore heilt overveldande.
– Eg tykkjer at det er heilt naturleg å ha nynorsk i butikken. Han ligg midt i Volda og midt i nynorskland, seier Birger Løken, som meiner det er rett at kvar enkelt kjøpmann får avgjere kva slag språk ein skal bruke i butikken. Han fortel at han har fått hjelp av kona som er lærar, til å finne fram til dei rette nynorske orda.
– Er neste steg at de går over til å annonsere på nynorsk?
– Det vert nok vanskelegare. Det er eit eige annonsebyrå som tek seg av dette og sender annonsane rett til avisene, seier Birger Løken.

Gode ord
Helge Tellevik er driftsjef i region Vest i Rema 1000 og arbeider praktisk med butikkane.
– Kva sa du då kjøpmann Birger Løken ville ha nynorske skilt i butikken sin?
– Eg tykte det var ein veldig god ide. Volda ligg midt i nynorskområde og det er heilt naturleg at dei har skilt på nynorsk i butikken, seier Helge Tellevik. Det er var ikkje vanskeleg å få til, og eigentleg byrja det som ein spøk.
– Vi arbeidde med orda vi ville bruke, og tykte at vi hadde funne eit godt ord når vi nytta saltknask i staden for saltsnacks, seier Birger Tellevik. Elles nytta dei vanlege nynorske ord som mjølk, mjøl, syltety og sjølvsagt hovudslagordet ”Berre låge prisar”.

Stord følgjer etter
Det er fleire butikkar som vil ta i bruk nynorske skilt. Mellom anna har dei to Rema 1000-butikkane på Stord sagt at dei gjerne ville gå over til skilt på nynorsk. Før oktober vil Rema 1000 Heiane på Stord følgje i fotspora til butikken i Volda, og få skilta sine på nynorsk. Det kostar butikken på Stord nokre ekstra kroner, men det meiner kjøpmann John Ståle Eldøy det er vel verdt, melder Vikebladet Vestposten.
– No har vi sett i gang ein prosess, så då får det gå sin gang. Men det er mange butikkar som ligg i nynorskdistrikt, og desse butikkane kan også bli omforma på same måte som i Volda, seier Helge Tellevik.

Positivt
Då Birger Løken i Volda kom med ideen om nynorske skilt, var det Helge Tellevik som sjølv tok avgjerda om at dette var ein god ide å gjennomføre. Han rekna med at han kom til å få tilgjeving i etterkant. Og det har han fått. Helge Tellevik fortel at han har snakka uformelt med folk høgt oppe i Rema 1000-konsernet og det har berre vore positive tilbakemeldingar.
– Det som er positivt i lokalmiljøet, er positivt for Rema 1000, konkluderer Helge Tellevik.

Teksten har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend 4/2006

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no