Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. JULI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling
Pressemelding frå Noregs Mållag 6.10.2006

Mållaget glad for auka løyving

 (06.10.2006)

– Det er gledeleg at regjeringa set pris på det viktige arbeidet Noregs Mållag har gjort gjennom mange år, og viser det ved å auka løyvinga vår i statsbudsjettet, seier leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust. I 2006 fekk Noregs Mållag ei løyving på 500.000 meir enn året før, i samband med jubileumsåret. For 2007 har me har søkt om og fått vidareført denne løyvinga, for å kunna setja i gang viktige tiltak som skal stimulera til meir nynorsk.

I 2006 fekk Noregs Mållag ei løyving på 500.000 meir enn året før, i samband med jubileumsåret. For 2007 har me har søkt om og fått vidareført denne løyvinga, for å kunna setja i gang viktige tiltak som skal stimulera til meir nynorsk. ”Tilskuddet går til arbeidet med å styrke nynorsk skriftkultur på alle samfunnsfelt” heiter det i grunngjevinga frå regjeringa.

– Noregs Mållag har lagt ned eit solid og seriøst arbeid gjennom mange år for å betra vilkåra for nynorsken, og stimulera til auka bruka av nynorsk både i skulen, det offentlege, media og i næringslivet. Det siste er særleg satsingsområde frametter. Regjeringa har sett seg høge mål for nynorsken sin plass i samfunnet, og denne løyvinga er eit steg på vegen til å oppfylla desse måla, seier Myklebust.

Det er òg gledeleg at Nynorsk nettleksikon er tilgodesett med 1,5 million, og Mållaget vonar at det no vert sett fortgang i arbeidet med leksikonet.

Likevel er det mykje som manglar for at målet om ein sterkare posisjon for nynorsken skal verta røyndom.

– Det er uheldig at nynorsksatsinga ikkje har fått den breidda som me hadde håpa på i år. Noregs Mållag ventar at regjeringa kjem tilbake med eit større løft for nynorsken i neste års statsbudsjett, seier Myklebust

For meir informasjon, kontakt leiar Hege Myklebust på 928 161 36 eller dagleg leiar Gro Morken Endresen på 957 85 560.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no