Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mange kjem på konferanse i Bergen

 (02.11.2006)

- Denne konferansen passar for alle som er interesserte i internasjonale språktilhøve. Det gjeld sjølvsagt studentar, vitskapleg tilsette og lærarar, men òg nyfikne lekfolk. Målfolk har vist interesse for slike spørsmål lenge, seier Endre Brunstad, medlem i Internasjonalt utval og tidlegare leiar i Noregs Mållag.

Laurdag 11. og søndag 12. november skipar Noregs Mållag til ein stor konferanse i Bergen. Den heiter Målstrid og mangfald og samlar språkforskarar og språkaktivistar frå heile Europa.

Til no er det 63 påmelde til konferansen og det kjem inn nye påmeldingar kvar dag. Denne helga vert avslutningshelga for jubileumsåret til Noregs Mållag. På fredagskvelden vert det kulturkveld med mykje god underhalding, og laurdag og sundag vert det konferanse. Innleiarlista inneheld mange spanande namn, og med god overvekt av kvinner.

Kjønnsperpektiv
Johannes Nymark er medlem av Internasjonalt utval og arbeider som førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole.
- Er det viktig å også ha med eit kjønnsperspektiv når ein arbeider med språkvitskap og språkpolitikk?
- Kjønnsperspektivet er viktig spesielt i eit maktpolitisk perspektiv, og her meiner eg det står mykje att når det gjeld forsking. I alle språklege prosessar spelar haldningar til språk og særleg til språkendringar ei stor rolle. Dette er forresten noko ei av innleiarane - Raquel Casesnoves - har arbeidd spesielt med i høve til språklege revitaliseringsprosessar i Spania. I mange land med tradisjonelle kjønnsmønster er det jo slik at kvinnene har mykje å seia i overføringa av språkhaldningar frå ein generasjon til ein annan. Også hersketeknikkar mellom kjønna kunne ein med stort utbyte ha studert meir i eit språksosiologisk og språkpolitisk perspektiv.

Målstrid i Katalonia
- Du har arbeidd mykje med målstrid og målstoda i spansktalande land. Er det noko du vil trekkja fram i høve til den norske språksituasjonen?
- Eg har i særleg grad vore oppteken av utviklinga i Katalonia i det nordaustlege hjørnet av Spania. Katalansk har på ekstremt kort tid utvikla seg frå å vera eit undertrykt språk (under Franco-diktaturet, 1939-75) til å bli det språket som har mest prestisje i det katalanske språkområdet. Eg trur det kan vera mykje å læra av dei språkpolitiske grepa som katalanarane har tatt for å nytta katalansk på alle område i samfunnet. Den norske språkdebatten dei seinaste tiåra har, etter mi meining, gått alt for mykje på detaljar som kva språkformer som skal vera tilletne og alt for lite på overordna språkpolitikk. Her meiner eg vi har mykje å læra av katalanarane, sjølv om vi sjølvsagt ikkje skal etterapa dei. Respekten vi her i landet har for mangfaldet i dialektane, må vi for all del ta vare på.

Saman med Trond Trosterud, som er leiar for Internasjonalt utval, har dei sett saman programmet for konferansen. Dei gler seg og vonar du også tek turen. Les meir om konferansen.



Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no