Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget kritisk til Språkrådet

 (05.11.2006)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 06.11.06. Det finst fleire nordmenn enn Språkrådet ser ut til å meina. Noregs Mållag tek avstand frå den snevre definisjonen av ordet «nordmann» som blir brukt i brevet frå Språkrådet til Ny Tid, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

I vedtektene til Språkrådet står det at «Språkrådet skal observera og analysera aktuelle utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet», og råd om språkbruk skal baserast på slike analysar. Men kan Språkrådet verkeleg ha undersøkt den faktiske språkbruken av ordet «nordmann» i dag? Mykje tyder på at det er vorte vanleg å seia «nordmann» om alle som har norsk statsborgarskap. Det synest heller ikkje å vera uvanleg å seia at alle som bur i landet og definerer seg som norske, er nordmenn.

Her er Språkrådet tydelegvis i utakt med seg sjølv: Jamvel i vedtektene deira finn me den vide definisjonen: «Språkrådet skal også ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet, slik denne kjem til uttrykk gjennom dei språklege interessene til nordmenn med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting» (vår utheving).

Brevet frå Språkrådet til Ny Tid ber preg av svakt førearbeid. Noregs Mållag oppmodar Språkrådet om å vurdera saka på nytt, og særleg sjå på dei utsegnene i brevet som ikkje er baserte på språkobservasjon. Det gjeld særleg påstanden om kor (u)mogleg det er å tileigna seg ein annan etnisitet og identitet enn den ein er fødd inn i. Her opererer sakshandsamaren frå Språkrådet med altfor kvasse grenser i eit «flytande» landskap.

Me vonar Språkrådet kjem til seg sjølv att, og får meir av det språklege terrenget med på kartet neste gong dei blir bedne om å vera kartlesarar.


For fleire kommentarar:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no