Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Eit nynorsk industrieventyr

 (10.11.2006)

Noregs Mållag delte for første gong ut Nynorsk næringslivspris i dag. Prisen gjekk til Lerum AS.
- Prisen betyr mykje for oss. For oss er det heilt naturleg å nytte oss av nynorsk, seier Gro Lerum Bondevik, kvalitetsystemsjef i Lerum. Saman med Jan Petter Vadheim, adm. dir. og Kåre Lerum var ho til stades under prisutdelinga i Bergen.

- Korleis har det gått med salet etter at de satsa på nynorsk i heile verksemnda?
- Vi kan trygt seie at omsettinga har gått oppover, seier Jan Petter Vadheim, adm.dir. i Lerum. I 2003 la Lerum om til nynorsk på saftflasker, syltetyglas og i all marknadsføring. Han får støtte frå Gro Lerum Bondevik.
- Vi meiner at omlegginga til nynorskprofil har styrka oss.

– Det er ei stor glede for oss å gje prisen til ei verksemd som så førebiletleg nyttar nynorsk i all kommunikasjon med marknaden., seier juryleiar Berit Rekve.

Juryen skriv i si grunngjeving: ”Prisvinnaren får nynorsken ut til heile landet, i butikkar, på bordet og langs vegen. Med produkt frå denne verksemda på frukostbordet får også nynorsken ein plass i alle slags miljø i landet. Verksemda har gode internettsider med gjennomgåande og konsekvent bruk av nynorsk. Dei er eit godt føredøme for andre verksemder som står på spranget til å ta i bruk nynorsk i marknadsføring, kundekommunikasjon og i bransjerelasjonar.

Med slagord som ”Ekte vare smakar best” rullar 25 vogntog om lag 3,3 millionar kilometer per år. Dette er ei verksemd med lange tradisjonar og det er ein viktig arbeidsplass i regionen sin, som dei sjølv seier på internettsidene sine: ”Kvalitet gjennom 4 generasjonar”.

Lerum AS er eit nynorsk industrieventyr.”

---
For fleire kommentarar:
Berit Rekve, juryleiar, styremedlem i Noregs Mållag, 958 70 611 (m)
Jan Petter Vadheim, adm dir. i Lerum AS, 911 46 267 (m)
Hege Myklebust, leiar Noregs Mållag, 928 16 136 (m)

I tillegg til juryleiaren er dette juryen:
Jørn Lekve, Bergen, direktør for informasjon og samfunnskontakt Sparebanken Vest

Christian Sulheim, Lom, nyleg avgått konserndirektør ICA Norge og bonde, representant for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Anne Karin Sveinall, Trondheim, rektor ved Adolf Øien videregående skole og tidlegare direktør i Fokus Bank

Ragnar Lurås, Skien, leiar for Telemark Mållag og journalist

Merke for Nynorsk næringslivspris ligg til nedlasting. (Det er formgjeve av Øystein Vidnes) Bilete frå prisutdelinga ligg også vedlagt.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no