Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag lyser ut to stipend à 50 000,-

 (18.12.2006)

Dette er ei gåve frå Kultur- og kyrkjedepartementet i samband med Noregs Mållags 100-årsjubileum.
Det brei semje om at nynorsk er fint i dikt, og kan brukast til skulestilar og reportasjar om husmorlaget og skyttarstemnet, men på mange område er nynorsken meir eller mindre fråverande. Noreg Mållag meiner nynorsk kan brukast til kva som helst, og ynskjer å inspirera til å få nynorsken inn på område der han frå før har lite rom.

Har du ein idé eller eit prosjekt som kan vera med på å brøyta ny veg for nynorsken? Då har du sjansen til å få 50.000 kroner i stipend.

1 Føremål
Føremålet med stipenda er å få fram prosjekt som kan få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

2 Kriterium for tildeling
Ei kvinne og ein mann skal tildelast eit stipend kvar à kr 50 000,-
Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Stipendprosjektet skal vera knytta til utviklingsarbeid som stør opp om målsetjingar for utbreiing av nynorsk på nye arenaer.

2.1 Krav til søknad/prosjektbeskriving
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid

2.2 Krav til sluttrapportering
Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må stilla seg til disposisjon for framlegging av prosjektet for styret eller andre organ etter nærmare avtale. Noregs Mållag har full råderett og bruksrett til prosjektet.

Frist for innlevering av søknad med prosjektbeskriving: 15. februar 2007

Styret tek sikte på å styrehandsaming i løpet av mars 2007.

Innlevering av ferdig prosjekt: 1. oktober 2007 (seinast)

Styremedlemmer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.

Send søknad til:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo

eller send søknad på e-post til:
Hege Myklebust



Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no