Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eit nynorsk eventyr – tusen takk!

 (20.12.2006)

Endeleg er «Ringdrotten» her og den kjem ut på Tiden forlag. Det vil seia at alle som har ønska seg meisterverket ”Lord of the Rings” eller Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien, på nynorsk, ikkje har lenge att å vente.

Etter utgjevinga i byrjinga av desember, kan lesarar av «Ringdrotten» bli med på ei fantastisk reise gjennom Tolkiens fantasiverd, for første eller n-te gong, og får ei bonusreise gjennom norsk språk- og kulturhistorie på kjøpet. Omsetjaren, Eilev Groven Myhren, har brukt mykje tid på språket og stilen i boka. Som i originalutgåva til Tolkien, er det stor språkvariasjon. I «Ringdrotten» har Groven Myhren nytta seg av mangfaldet i norske målføre og den nynorske skrifttradisjonen.

Ord frå gamalengelsk
– Tolkien sine grep, med å nytte dialektord som skriv seg frå gammalengelsk, lar seg godt overføre til norsk, fortel Eilev Groven Myhren.
– Med utgangspunkt i språkhistoria vår, lar det seg gjera å skilje mellom gamalt og nytt, høgstil og lågstil. Alvane som har vore til lengst, har difor den eldste språkforma, og valet fall på Aasen-normalen 1864, med nokre tillempingar.
– Det er jo eit poeng at det skal vera forståeleg òg. Ut frå alderdomperspektiv, kunne ein gått tilbake til gamalnorsk, men det hadde blitt feil.
– Har du fått tilbakemeldingar på at språket er vanskeleg å forstå?
– Kommentarar frå forlaget har stort sett ikkje gått på forståing. Eg har fått gjera det meste som eg vil, men det har hendt at eg har måtta forklare nokre ordval. Hobbitane talar jo hallingmål, og nokre dialektuttrykk er jo ikkje kjende for alle.
– Ligg det eit ønskje om berging av hallingmålet i valet av den dialekten?
– Valet av hallingmål, kjem sjølvsagt av at eg har førstehandskjennskap til den dialekten gjennom eiga slekt. Men eg syns det er synd om hallingdialekten forsvinn, så det ligg ein tanke om målreising her også. Ungdommar i Hallingdal, kan jo snakke halling, men gjer det ikkje, til dømes på skulen. Det kan føre til at hallingmålet er tapt til neste generasjon.

Eldre norsk
Eilev Groven Myhren seier at det er ei utfordring å ta den eldre nynorsken tilbake frå revyscenen i Oslo, der gamle nynorskformer har blitt gjort til narr i ein mannsalder, men han er ikkje så redd for om nokon vil rynke på nasen over eit «spyr».
– Dei veit ikkje at det uttalast med kort y, ler Eilev. I boka følgjer det med føreord av omsetjaren, med ei grei innføring og forklaring til omsetjinga, som ei god hjelp før ein set i gang med lesinga. Her kjem det til syne korleis Tolkien sjølv arbeidde, og Groven forklarar korleis han har tatt omsyn til originalteksten, eventuelt kvifor han har gjort andre grep enn Tolkien sjølv, ved visse høve.

Stolt av nynorskutgåva
Ingeborg Norshus, redaktør i Tiden Forlag, er stolt av prosjektet og imponert av jobben til Groven Myhren. Han har arbeidd med omsetjinga i tre år, på heilt eige initiativ. Boka var altså ferdig omsett då ho hamna hos Tiden.
– Det ligg ein heil del idealisme bak arbeidet, kan Groven Myhren røpe.
– Kvifor gjev Tiden ut boka?
– Dette er jo sjeldent. Det er høgst uvanleg å gje ut ei nynorskutgåve av ei bok som har kome ut på bokmål mange år tidlegare. Difor var vi òg litt skeptiske i byrjinga. Men så var det gjort ein så utruleg god jobb, og det er jo eigentleg heilt logisk å gje boka denne språkdrakta. Stemmer jo heilt med Tolkiens eige arbeid.
– Vi opplever nå at det er stor interesse for boka. Mange er nysgjerrige, og fleire som ikkje har lese boka tidlegare, seier dei vil gjera det nå.
– Så dette er ikkje ei bok for spesielt språkinteresserte?
– Nei, det er det ikkje, meiner Norshus.
– Boka har eit mykje breiare nedslagsfelt. Dette er jo ei bok med appell til svært mange, og at nokre ord er vanskelege er neppe noko hinder. Denne boka er ypperleg til å ta i bruk i skulen, som ei spennande tilnærming i nynorsk- og språkhistorieundervisninga.
Groven Myhren sjølv er samd.
– For dei som allereie er interesserte i språk, blir det nok ekstra moro å lesa boka. For alle andre, er det uansett ei spennande bok, og ho kan fungere som ei lærebok i språk i tillegg. Dårlege haldningar til nynorsk, handlar stort sett om lite kjennskap. Boka ligg såleis til rette for å gje nynorskkjennskap gjennom spennande læring.
– Denne utgåva er tileigna målfolket, seier Eilev Groven Myhren i forordet til Ringdrotten.

Teksten er tidlegare publisert i Norsk Tidend 5-2006

Les meir om boka www.tiden.no

Margit Ims
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no