Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Oddvar Torsheim

 (19.03.2007)

Sogn og Fjordane mållag hadde årsmøte på Skei laurdag 17. mars.
Der fekk Oddvar Torsheim målprisen.

Foto: Hege Lothe


Årsmøtet starta med eit kulturelt innslag – felespel ved Erlend Apneseth. Deretter var det utdeling av målprisen for 2007. Styret i mållaget hadde vedteke at prisen i år skulle gå til Oddvar Torsheim. Torleik Stegane delte ut prisen. Han avslutta grunngjevinga si slik:

- Alt han skriv/set om vitnar om sterk kjærleik til det nynorske språket.
”Hei, kjære dragspelar, lat meg synge med, ja, lat meg jodle med – sjølv om eg høyrest ut som ei utbrend, gamal kråke”, syng prisvinnaren i sin versjon av Dylans ”Mr. Tamborine Man”. Ja, lat oss vone at du framleis vil synge i nynorskens skog. Gje mål og meining til alle som finst i det biologiske mangfaldet der ute i skogen. At du held skogsmaskinane unna og er forstmeister og skogvaktar sjølv, så vi alle andre kan få gode turar i nynorskens skog også heretter.

Etterpå var det handsaming av vanlege årsmøtesaker og val.
Det nye styret er samansett slik: Leiar Tor W. Eikemo (Sogndal), Jon Farestveit (Sogndal), Marit Aakre Tennø (Luster), Torleik Stegane (Flora) og Jorunn Ringstad (Askvoll). Tor W. Eikemo er nyvald leiar, overtar leiarvervet etter Anna Sofia Skaar. Marit Aakre Tennø er ny i styret.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no