Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris 2006 til Eilev Groven Myhren

 (28.04.2007)

Noregs Mållag har gitt Nynorsk litteraturpris 2006 til Eilev Groven Myhren for boka "Ringdrotten". Utdelinga fann stad under landsmøtet til Mållaget på Værnes. Juryen meinte at denne omsetjinga av "Lord of the Rings" syner "fram dei mangfaldige språklege sidene ved originalverket på ein ny, original og spenstig måte". Groven Myhren var svært glad for å motta prisen og oppmoda møtelyden om å stå på i kampen for nynorsk. Prisen er på 15.000 kroner.

I juryen sat Synnøve Skjong, Torgeir Fonnlid og Morten Haugen. Dei meinte fylgjande:

"Nynorsk litteraturpris 2006

Det er mange einskildpersonar og grupper som saman gjer ein dagleg innsats for å halde norsk språk smidig og levande. I tillegg til forfattarane tenker vi særleg på dei mange gode lærarane, og ein og annan dyktig journalist.

Juryen (som i år har bestått av skodespelar Torgeir Fonnlid, førstelektor Synnøve Skjong og bibliotekar Morten Haugen) vil i år gje prisen til ein representant for ei yrkesgruppe som truleg fortener meir merksemd enn dei får i dag, for sin innsats for språkrøkta. Omsetjarane er prega av ein dobbel lojalitet; først til teksta og forfattaren, og dernest til mål-språket. Ei god omsetjing skal både vere ei tro attgjeving av ideane til forfattaren, og dessutan vere ein kjærleg brytekamp med heimemålet for å finne dei rette orda som uttrykker desse ideane.

Nokre gonger må omsetjaren gå ein lang veg, av di den opphavlege teksta byr på konnotasjonar som det ikkje utan vidare er lett å føre over til norsk språk. Dagens prisvinnar får prisen for sitt arbeid med ei bok som må reknast blant klassikarane i den vestlege litteraturen. Sjølv om verket to gonger tidlegare har vore omsett til bokmål, meiner juryen at denne nye omsetjinga har synt oss nye sider ved verket, både i breidda og i djupna.

Dagens prisvinnar, som er debutant som omsetjar, har tatt i bruk eit breitt tilfang av stilar, målnormer og dialektar for å føre verket det er tale om, over til nynorsk. Dette har han gjort med ein autoritet, ein entusiasme og ei språkleg smidigheit som har gjort inntrykk på juryen, og på mange andre. Resultatet er ei bok som vil vere til glede for alle som er glade i god litteratur på norsk. Og sjølv med all mulig respekt for omsetjarens "bokmålsrival" Torstein Bugge Høverstad, vågar vi å hevde at denne nye omsetjinga viser fram dei mangfaldige språklege sidene ved originalverket på ein ny, original og spenstig måte. Moderne nynorsk er brukt i samanbindande tekst, medan ulike historiske og notidige variantar og blandingar av nynorsk, landsmål og dialektar er brukt som karakteriserande verkemiddel.

Vi er glade for å kunne utrope Eilev Groven Myhren til vinnar av Nynorsk litteraturpris 2006, og seier både takk for og gratulerer med hans omsetjing av "Ringdrotten" av J.R.R. Tolkien."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no