Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Festkveld for nynorsken

 (04.10.2007)

- Nynorsken siglar i medvind, det er det me vil feira. Er du trøytt og lei og tykkjer det buttar imot i målarbeidet, ta deg ein teatertur til Bergen, seier Halvor Folgerø. Frå andre november og fram mot jul kan du nyta ein hyllest til nynorsken på Logen Teater i Bergen. Les meir hjå www.stageway.no
Den nyskrivne framsyninga er også ein hyllest til den særeigne vestlandshumoren, lovar Halvor Folgerø. Saman med Finn Tokvam, Ragnar Hovland, Claus Sellevoll og Olav Stedje står han bak framsyninga Vestlandsrevyen.
- Det er vel ikkje eigentleg ein revy i tradisjonell forstand, det er meir ein basar, med svært mykje attåt, seier Folgerø. Han lovar ein innhaldsrik pause med kaffi og åresal, og mange flotte vinstar.
- Det er jo berre éin av oss som er skodespelar, me andre er to journalistar, ein forfattar av stort format og eit nynorsk popikon. Dette blir ei framsyning på våre premissar - ein festkveld der me feirar nynorsken og oss sjølve.

Positive
Gjengen bak Vestlandsrevyen har eit positivt syn på målstoda og framtida for nynorsken.
- Nynorsken siglar i medvind, det er det me vil feira. Er du trøytt og lei og tykkjer det buttar imot i målarbeidet, ta deg ein teatertur til Bergen. Her vil du få god kaffi og drøs over årane, og du får eit nytt og lysare syn på framtida for nynorsken, lovar Halvor Folgerø.

Vestlandsrevyen
Premiere 2. november på Logen teater i Bergen
MED: Halvor Folgerø, Finn Tokvam, Ragnar Hovland, Olav Stedje og Claus Sellevoll
REGI: Arvid Ones
PRODUSENT: Stageway Talent v/ Linda Børnes, i samarbeid med Hordaland Teater
Vil du kjøpe billettar: Sjå innom www.stageway.no

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no