Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Byrådet i Oslo stryk i sidemål

 (21.11.2007)

Sluttrapporten frå sidemålsforsøket i Oslo er lagt fram. Du kan lese heile rapporten her: NIFU STEP. Sluttrapporten frå sidemålsforsøket i Oslo er lagt fram. Karakterane i hovudet har gått litt opp for dei elevane som har fått fritak frå sidemålsundervisinga, men meir for dei elevane ved forsøksskulane som ikkje var med på forsøket.

- I dette prosjektet har dei i tillegg til å kutta ut opplæringa i sidemål innført ei rekkje andre tiltak. Elevane har fått tettare oppfylging gjennom mappevurdering, dei har fått turar i teateret og forfattarbesøk, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

- Ei slik ekstrastimulering i norskfaget er ynskeleg for alle, og ville truleg gjeve positive resultat med eller utan sidemål. Men dette gjer det heilt uråd å vurdere vitskapleg om det er fråveret av sidemål som har gjeve dei positive utslaga, eller denne ekstra stimuleringa, seier Hege Myklebust som syner til at karakterane til elevane som ikkje var med i forsøket òg har godt opp.

- Vi meiner at heile forsøket går ut på å la nynorsk sitje att med svarteper i osloskulen, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.
- I staden for å gjennomføre eit stort forsøk som går ut på å ikkje gje elevane opplæring i heile læreplanen, meiner vi byrådet burde ha hatt mot til å gjennomføre eit positivt sidemålsforsøk i like stor stil, kommenterer Kihl.

På Holmlia ungdomsskule i Oslo har dei i fleire år hatt eit prosjekt gåande, der målet har vore å gje elevane gode haldningar til sidemålet. Prosjektet har vore ein suksess.

- Kvifor tør ikkje byrådet å satse på eit slikt prosjekt i staden, spør Hege Myklebust. Ho meiner osloelevane har krav på god like god undervising som elevane i resten av landet.
- Dei gode nynorskprosjekta finst, men Oslo kommune overser dei. Ved eit liknande prosjekt i Kristiansand gjekk sidemålskarakteren opp på eit halvår, framhevar Jens Kihl.

Kihl er sjølv fødd og oppvaksen i Oslo, og har sett seg lei på den nynorskfiendtlege innstillinga byrådet har.
- Oslo er hovudstad for heile landet. I Noreg har vi to jamstilte språk. Når skal vi bli ein romsleg by, som set pris på det språkmangfaldet som finst? utfordrar Jens Kihl.

For meir informasjon:
Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom: 992 31 490
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag: 928 16 136




Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no