Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Nynorsk næringslivspris 2007:

Hotel Alexandra – opplevingar på nynorsk

 (06.12.2007)

Eivind og Inger Grov
Nynorsk næringslivspris for 2007 går til Hotel Alexandra i Loen.
- Stolt, er det fyrste ordet eg kjem på, sa administrerande direktør Eivind Grov.

- Då me gjekk over til å nytte nynorsk på midten av 80-talet, var det langt frå noko sjølvsagt val. Det var fleire som var skeptiske, men reaksjonane let vente på seg. Sidan har det berre vore positive tilbakemeldingar og det er med stor glede at me registrerer at fleire hotell på Vestlandet har gjort det same, sa Grov og lova å finne ein god plass til både diplomet og eit litografi av Oddvar Torsheim.

Administrerande direktør i NHO, Finn Bergesen jr., delte ut prisen. Han skrytte av Hotel Alexandra si vilje til å stå fram med ein klår profil og ein eigen atmosfære.
- Eg besøkt mange hotell, men hotellet i Loen er den einaste staden eg har fått kjøpt ei diktsamling i resepsjonen. Den var sjølvsagt på nynorsk, sa Finn Bergesen jr.

Juryen si grunngjeving
”Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2007 gjekk over til nynorsk som forretningsspråk alt tidleg på 1980-talet. Den gongen vart valet møtt med skepsis blant andre verksemder i same sektor og folk i reklamebransjen. Dette fekk ikkje eigarane til å byta vekk nynorsken, og ettertida har gitt dei rett.

Vinnaren har over 100 000 gjestedøgn årleg, og slik er det svært mange turistar, forretnings- og organisasjonsfolk som får møta den nynorske språkkulturen når dei søkjer oppleving, velvære og fellesskap. Reiselivsbedrifta er stor og vesentleg i ein marknad der konkurransen er skarp både nasjonalt og internasjonalt. Ved å velja nynorsk som marknadsføringsspråk fungerer Hotel Alexandra i Loen som eit viktig føredøme for bruk av nynorsk i næringslivet.”

Juryen har vore Berit Rekve (juryleiar), Jørn Lekve, Christian Sulheim, Anne Karin Sveinall og Liv Krumsvik.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no