Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Nytt prinsipprogram Program Næringsliv Skule Læremiddel Læremiddelkampanje Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag og Norsk Målungdom, november 2001

Rapport om stoda for nynorske læremiddel

Noregs Mållag og Norsk Målungdom overleverte 22.11.2001 denne rapporten om stoda for nynorske læremiddel til Stortinget. Innhaldsliste og Innleiing og samandrag følgjer nedanfor. Heile rapporten kan lastast ned i rtf-format nedst på sida.

Innhald

1 Innleiing og samandrag 3
2 Parallellutgåveordninga 5
2.1 Lovverket 5
2.2 Tilskotsordninga 6
2.3 Godkjenningsordninga og handhevinga av parallellutgåvekravet 7
3 Nynorskutgåver av lærebøker – tilskot og praksis 8
3.1 Parallellutgåvetilskotet på statsbudsjettet – utvikling 8
3.2 Økonomien i parallellutgåveordninga – utviklinga på statsbudsjettet 9
3.3 Lærebokproduksjonen 12
3.4 Lærebokdistribusjonen og utlånsordninga 13
3.5 Oppsummering og vurdering 13
4 Programvare og digitale læremiddel 15
4.1 Pedagogisk programvare/digitale læremiddel 15
4.2 Administrativ programvare 16
4.3 Oppsummering og vurdering 18
5 Framtidsutsikter 18
6 Vedlegg 19
6.1 Vedlegg 1: Regelverk for parallellutgåveordninga 19
6.2 Vedlegg 2: Brev frå Læringssenteret til Noregs Mållag 21.11.2001 21


1 Innleiing og samandrag

Saman med dei utdanningspolitiske reformene (R94 og L97) har den offentlege læremiddelpolitikken gått gjennom store endringar det siste tiåret. Føremålet med denne rapporten er å oppsummera kva dette har hatt å seia for læremiddelsituasjonen for nynorskelevane. Rapporten er ikkje meint som ei fullnøyande framstilling og avgrensar seg til å oppsummera hovuddrag og peika på dei sentrale problema. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå styret i Noregs Mållag av Gudrun Kløve Juuhl og Oddmund Hoel, og er tilgjengeleg digitalt på www.nm.no.

Rapporten går særleg inn på følgjene av:
* Endringar i tilskotsordningane for parallellutgåver
* Fjerninga av godkjenningsordninga for lærebøker (2000)
* Utlånsordninga for lærebøker i den vidaregåande skulen
* Satsinga på digitale læremiddel og IKT i skulen

Hovudkonklusjonen er at ein står framfor ein større krise i parallellutgåveordninga der dei sentrale stikkorda er stort økonomisk etterslep i tilskotsordninga, usynleggjering i offentlege styringsdokument og vantande rapportering og oversyn over bruken av midla. Dette vil seia ei kraftig forverring av dagens situasjon, som er etter måten god. Etter skulereformene i 1990-åra har tilbodet av nynorske lærebøker vore godt, og parallellutgåveordninga har fungert etter intensjonen i opplæringslova og i tråd med ynska til målrørsla.

Det kan dessutan sjå ut til at den sterke fokuseringa på IKT og digitale læremiddel har gjort at omsynet til dei ”gamaldagse” lærebøkene har kome i bakgrunnen trass i at dei framleis dominerer i skulekvardagen til elevane.

Parallellutgåveordninga har funnest i grunnskulen sidan 1969 og vidaregåande skule sidan 1974, og ordninga har to hovudelement: eit krav i opplæringslova om at læremiddel skal liggja føre til same tid og pris på bokmål og nynorsk, og ei tilskotsordning der læremiddelprodusentane får dekt meirkostnadene til parallellutgåvene.

Ordninga har gått gjennom ei dramatisk usynleggjering i statsbudsjettet dei seinare åra. Frå å vera ein eigen post på statsbudsjettet for 1994 har tilskotet til parallellutgåver vorte slege saman med stadig større sekkepostar for læremiddeltilskot samstundes som rapporteringa gjennom budsjettet har falle bort. Stortinget har såleis ikkje lenger styring med denne viktige institusjonen i norsk språkpolitikk. Denne usynleggjeringa har nådd eit nytt steg ved at ordet ”parallellutgåve” for fyrste gong på fleire tiår ikkje førekjem i framlegget til statsbudsjett for 2002.

Sjølve tilskotsordninga er inne i ei økonomisk krise grunna etterslep etter R94 som har gjort at det ikkje er lyst ut midlar til parallellutgåver sidan hausten 1999. Etterslepet til basis- og parallellutgåver vil framleis vera på 40 mill kr etter at heile løyvinga for 2001 (18,7 mill kr) er brukt til å betala etterslep. Regjeringa har gjort framlegg om å føra løyvinga vidare på same nivå i 2002, noko som vil seia at det heller ikkje neste år kan lysast ut friske midlar til basis- eller parallellutgåver.

Til og med 1998 rapporterte Nasjonalt læremiddelsenter i årsmeldingane sine kor stor del av det samla læremiddeltilskotet vart brukt til parallellutgåver. Dette viser ein stadig fallande del, frå kring 50% (22,3 mill kr) i 1994 til 14% (11,6 mill kr) i 1998. KUF/LS sit ikkje med tal som viser kor stor del av tilskota etter 1998 eller kor stor del av etterslepet som gjeld parallellutgåver. Men tala frå 1997/98 tyder på at det aller meste av dette gjeld andre læremiddeltilskot enn parallellutgåvene, noko som òg er rimeleg å tru sidan det særleg er produksjonen av læremiddel for små fag som har drege ut i forlaga.

Sidan den førre krisa i tilskotsordninga i 1992-94 har staten avskaffa godkjenningsordninga, som har vore det viktigaste styringsverktyet og sanksjonsmidlet. Ansvaret for handhevinga av parallellutgåveordninga ligg no på skuleeigarane, og Læringssenteret vedgår at det er uklårt kva ansvar styresmaktene no har på dette feltet. Ordninga er såleis råka av ei ansvarspulverisering.

Med ni registrerte unntak har forlaga så langt gjeve ut parallellutgåver av dei lærebøkene som fell inn under kravet. Det er likevel uklårt kor lenge forlaga vil halda fram med å gje ut nynorskutgåver for dei elevgruppene der det ikkje er kommersielt interessant dersom staten ikkje tek eit økonomisk ansvar for parallellutgåveordninga. Problema kan, som i 1993-94, truleg berre løysast ved ei semje mellom forlagsbransjen og staten der det offentlege går inn med dei midla som trengst. Det ligg ikkje føre tal frå KUF eller LS på kor mykje pengar som manglar i parallellutgåveordninga isolert, noko som er kritikkverdig i seg sjølv.

Størsteparten av etterslepet kjem truleg av tilskot til basisutgåver for små fag og har såleis ikkje noko med parallellutgåver/nynorsk å gjera. Parallellutgåveordninga har ankerfeste i opplæringslova og har sidan 1969 vore eit viktig språkpolitisk instrument. Det verkar såleis naudsynt å gjenoppretta ein eigen post for parallellutgåver på statsbudsjettet for å skilja ordninga klårare frå andre delar av læremiddelpolitikken og gje Stortinget reell styring med dette viktige språkpolitiske instrumentet.

Det er dessutan heilt naudsynt at det vert skipa eit sentralt oversyn (i regi av KUF/LS) over kva læremiddel som oppfyller parallellutgåvekravet og som skulane (både i nynorsk- og bokmålsstrok) dermed har høve til å ta i bruk. Dette vil vera ein viktig informasjonskjelde for skulane når læremiddel blir valde ut, og det vil ha ein motiverande effekt i høve til læremiddelprodusentane i og med at det er dårleg reklame å koma på ei liste over læremiddel som ikkje kan brukast. Det må òg setjast i gang eit meir aktivt informasjonsarbeid overfor skulane for å sikra at dei fylgjer opplæringslova på dette punktet, og Læringssenteret må bli pålagt å reagera overfor skular og læremiddelprodusentar som ikkje oppfyller parallellutgåvekravet.

Når det gjeld distribusjonen av lærebøker ser problema for nynorskelevane ut til å ha vorte mindre på grunn av utlånsordninga og nettbokhandlane som gjer elevane mindre avhengige av dei lokale bokhandlane og bruktmarknaden. Det ser likevel ut til å vera eit behov for å presisera overfor skulane at elevane gjennom utlånsordninga må lærebøker på den målforma dei sjølve ynskjer.

Når det gjeld digitale læremiddel har omsynet til parallellutgåveordninga og jamstelling mellom bokmål og nynorsk frå 2001 kome godt inn både i planverket og i dei digitale læremiddelprosjekta som er sette ut i livet, sjølv om dette framleis ikkje kjem eksplisitt til uttrykk i det viktigaste styringsdokumentet, statsbudsjettet (Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga). Når det gjeld parallellutgåver av administrativ programvare, som er dei vanlegaste programma i undervisningssamanheng, har Læringssenteret rådd til ei forskriftsendring som gjer at slike program òg fell inn under parallellutgåvekravet. Dette ligg no i KUF. Det ligg alt føre fullgode alternativ for Linux til bokmålsprogramma til Microsoft, så alt i dag vil eit parallellutgåvekrav til programvare kunna setjast ut i livet.

Rapporten peikar til slutt på at både politikk og realitetar på læremiddelfeltet har endra seg mykje dei siste åra, men at politikken for måljamstelling ikkje har endra seg tilsvarande. Måljamstellingskravet er framleis avgrensa til dei tradisjonelle læremidla (trykte og digitale) som er utvikla for skulebruk, medan ein stadig større del av lærestoffet vert henta frå andre kjelder der mesteparten av stoffet er på bokmål. Dette vil føra til eit dårlegare tilbod for nynorskelevane.

Heile situasjonen kallar såleis på ein fullstendig gjennomgang av stoda for nynorske læremiddel som må konkludera med ein læremiddelpolitikk som sikrar at utviklinga på feltet òg kjem nynorskelevane til gode.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no