Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk Wikipedia når 30 000 artiklar

 (14.02.2008)

Den nynorske utgåva av det frie oppslagsverket Wikipedia fekk onsdag 13. februar 2008 nummer 30 000 med «Gunnar Berg» skriven av Olve Utne. Utne var ein av dei som stod bak opprettinga av nynorskutgåva for rundt tre og eit halvt år sidan.

Nynorsk Wikipedia nådde milestolpen 30 000 kort tid etter at Wikipedia på bokmål og riksmål, fekk 150 000 artiklar den 30. januar.

Nynorsk Wikipedia vart grunnlagd 31. juli 2004. For at eit skriftspråk som nynorsk skal halde fram med å vere levande i samfunnet i dag, må det òg kunne nyttast innan informasjonsteknologien. Det er framleis få nettressursar på nynorsk, og Nynorsk Wikipedia er difor eit viktig tilskot og ein god møtestad for nynorskbrukarar. Han har akkurat no 3 377 registrerte brukarar, og fleire kjem til heile tida.

Blant skribentane er alle aldersgrupper representerte, mange ulike fagfelt og universitets- og høgskulegrader, frå størsteparten av Noreg og frå fleire andre land. Nynorskbrukarar frå India og Tyskland og nordmenn i Storbritannia, Sveits, USA og Australia har vore med på å skape det til no einaste nettleksikonet på nynorsk.

Nynorsk Wikipedia
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no