Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hege Myklebust tek attval i Mållaget

 (25.03.2008)

Noregs Mållag samlar seg til landsmøte i Stavanger frå 25. til 27. april. Hege Myklebust tek attval som leiar i Noregs Mållag. Innstillinga frå valnemnda er samrøystes.
– Dette er utfordrande tider for nynorsken og det er veldig kjekt å få leie den viktigaste organisasjonen som arbeider for målsaka, seier Hege Myklebust.

Håvard B. Øvregård frå Nordfjordeid er innstilt som nestleiar. Han bur i Oslo og har markert seg som leiar i Kringkastingsringen og har vore aktiv innanfor Høgre, Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), leiar i Norges Gymnasiastsamband og er i dag tilsett som prosjektleiar i Idrettsforbundet.

Framlegg til nye styremedlemer Bente Riise (frå Hareid, bur i Oslo) og Olav Kuvås (Skaun i Trøndelag). Styremedlemane som ikkje er på val er Jon Todal (Kautokeino) og Aud Søyland (Valdres).
Framlegg til varamedlemer: Gudrun Kløve Juuhl, (frå Arna, bur i Oslo), Håkon Steinar Giil (Hyllestad i Sogn og Fjordane), Reza Rezaee (frå Iran, bur i Oslo) og Marit Aakre Tennø (frå Haram, bur i Luster).

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m) / 53 49 13 21
Karstein Bjørge, leiar i valnemnda, 56 32 75 56 (a), 958 15 094 (m)

Bilete av Hege Myklebust til nedlasting (Foto: Hege Lothe)

Bilete av Håvard Øvregård til nedlasting (Foto: Marit Aakre Tennø)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no