Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til Øystein Runde

 (25.04.2008)

Øystein Runde har fått 50 000 kroner i stipend for å lage ein nynorsk teikneserieroman. Føremålet med stipenda er å få fram prosjekt som kan få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom. I takketalen takka Øystein Runde både mor og far, og mattematikklæraren for at han vart teikneserieteiknar og hausta applaus for det.

Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag si tale til stipendvinnar:

Eit av stipenda går til ein kar som driv med noko så sjeldan som teikneserieteikning på nynorsk.
Nynorske teikneserieskaparar er det ikkje mange av. Prisvinnaren i år har både etablert seg godt innanfor, og utvida, sjangeren.

Han har hatt ei nynorsk teikneseriestripe i bladet Spirit sidan 2001, "Rundetid", og han lagde saman med Kristopher Schau serien "Margarin" i bladet Smult så lenge Smult varte. Margarin vart seinare samla i bok, noko som meldar Askild Matre Aaserød i SKUM oppsummerte med "Margarin er norges beste tegneserie". Margarin var ikkje ein serie som alle likte, men ein sterk meiningsprodusent.

Sidan hausten 2006 har han laga serien Bjartmann i bladet Larsons Gale Verden, om ein sunnmørsk superhelt og hans kvardagsliv. Larsons har halde eit stabilt sal på 14 000 eks i månaden heile perioden og saman med dei 130- 140 000 som les Spirit kvar månad har han antakeleg eit nedslagsfelt som overgår svært mange nynorske kulturprodusentar.
Prosjektet han no får stipendet for, er å laga ein actionteikneserie som har humoren og tonen til sagalitteraturen. «Potensialet for å vekke interesse for originalkjeldene er enormt om ein gjer det på rett måte: Eg har tenkt å køyre serien min, Soga om Olav Sleggja, som ei parallellsoge til Olav Tryggvason-soga. Tryggvason er bifigur, som den religiøst fanatiske torturisten, massemordaren og toppidrettsmannen Snorre skildrar han som, er han den perfekte skurken som Olav Sleggja må stå opp mot», skriv han i søknaden sin.
Det vert ein teikneserieroman, på om lag 130 sider med etterord.

Noregs Mållag skal dela ut to stipend à kroner 50 000,-. Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette er andre året stipenda vert lyst ut.

Tildelinga skulle gå til ei kvinne og ein mann, som kvar skulle få 50 000 kroner til eit nynorskprosjekt. Stipendet er eit arbeidsstipend, og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Stipendprosjektet skal vera knytt til utviklingsarbeid som stør opp om målsetjingar for utbreiing av nynorsk på nye område.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no