Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris 2007 til Godnattboka

 (25.04.2008)

Nynorsk barnelitteratupris 2007 er tildelt Godnattboka på Skald forlag. Prisen er på 15 000 kroner.
- Dette er stort for oss i Skald. Bak dette prosjektet står 22 forfattarar, ein illustratør og ein formgjevarar, sa Simone Stibbe som har vore redaktør for Godnattboka ved Skald forlag.

- Me er samde i at det aldri kan verte nok barnebøker på nynorsk. Me vil bruke prispengane til å lage fleire nynorske barnebøker, lovde ho.

Juryen har vore: Eirik Vassenden, Sofie Braut og Nana Rise-Lynum.

Grunngjeving frå juryen for Nynorsk barnelitteraturpris:
Nynorsk barnelitteraturpris for 2007 går til Godnattboka (Skald forlag). Skald forlag har med denne utgjevinga laga ei flott bruksbok til glede og nytte for både vaksne og barn i fleire aldrar. Boka inneheld 22 nyskrivne forteljingar, og forlaget har fått både etablerte forfattarar og debutantar til å skrive. Resultatet er eit overflødigheitshorn av variantar over godnatt-historia, med både pedagogiske, poetiske, kreative og beintfram nifse løysingar på oppgåva. Og blandinga av proffe skrivekunstnarar og friske debutantar fungerer ypparleg som ein mangslungen forteljestafett.

Forlaget skal rosast for initiativet til, arbeidet med og gjennomføringa av denne utgjevinga. Ei anna som fortener særskilt ros, er Gunvor Rasmussen, som har laga illustrasjonane. Det er ei stor utfordring å illustrere eit så omfattande og variert innhald som dette, men Rasmusen har løyst det på beste vis. Den særeigne, uttrykksfulle og ofte pussige streken hennar treff heile vegen tona i forteljingane, og bind boka fint saman.

Godnattboka kan godt ende opp som eit moderne standardverk – på nattbordet. Slik har det i alle fall vorte heime hos medlemmene av prisnemnda i år.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no